Sikt sine forhandlingar med forlag for 2022 er i boks. Kva skjer framover?


Sikt har forhandla fram nokre avtalar med akademiske forlag og reforhandla nokre for perioden frå 2022. For 2023 er førebuingane i gang.

Sikts forhandlingsteam. F.v. Tore Nilsen, Nina Karlstrøm og hovedansvarlig for forhandlingene i Sikt, Nils Andenæs. Foto: Pål Løkke.

Avtalar som starta 2022 

Av dei reforhandla avtalane er det tvillaust avtalen med Elsevier som har skapt mest merksemd. Avtalen er treårig, og han gir uavgrensa open publisering i forlaget sine hybridtidsskrift og rabatt på publisering i gulltidsskrifta. Det er open publisering i Cell Press-titlane for alle deltakarinstitusjonar. Lesetilgangen omfattar rundt 2260 tidsskrift.  

Les meir om avtalen

Wiley er reforhandla som eittårig avtale for 2022, og det betyr at han skal reforhandlast i løpet av året. Utover auka publiseringskvote har avtalen same vilkår som tidlegare. 

Les meir om avtalen

Ganske nyleg vart det òg semje om ein treårig publiser og les-avtale med Association for Computing Machinery (ACM), som er verdas største samling av informasjon innan informatikk, IT og telekommunikasjon. Sikt har hatt avtalen som leseavtale tidlegare, men no er det òg høve til uavgrensa publisering i avtalen – til same pris som leseavtalen.  

Les meir om avtalen

Det er inngått to avtalar med såkalla «diamant» open tilgang; SciPost og Open Library of Humanities. Utgivarane for dei nye avtalane er ideelle organisasjonar som har som målsetjing å publisere artiklar som skal være opent tilgjengelege for alle. Tenestene er ikkje-kommersielle; «non profit»-baserte, og alle inntekter går til å dekke kostnadane for publisering. Sikt ønsker å sjå på moglegheita til å inngå fleire avtalar av denne typen – viss det er interesse for det – med sin meir berekraftige måte å tenke økonomi knytt til vitskapeleg publisering.  

Les meir om SciPost  

Les meir om Open Library of Humanities 

 

Avtalar som startar 2023 

Sikt får eit travelt år med uvanleg mange forhandlingar, og førebuingane er i gang. Av dei 19 reforhandlingane vi har, er det 16 avtalar der målsetjingane er uavgrensa open publisering og kostnadskontroll. Ut over desse overordna prinsippa, er det opp til Sikt sitt forhandlingsråd å peike på kva vi bør leggje vekt på for den einskilde avtalen og kva vi skal prioritere. I somme av avtalane har vi allereie fått på plass ein publiseringskomponent, andre er – førebels – reine leseavtalar. Avtalane for tidsskrift som skal reforhandlast er desse:  


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter