Konferansar og kurs
APE-konferansen
APE-konferansen er ein årleg konferanse som blir arrangert av Berlin Institute for Scholarly Publishing (BISP). Han samlar forlag, bibliotek, forskarar og finansiørar til debatt om framtida for vitskapleg publisering, open tilgang og informasjonsformidling.
BIBSYS-konferansen
BIBSYS-konferansen er ein arena for formidling av kompetanse på område knytt opp mot Sikt sine bibliotektenester. Konferansen blir arrangert årleg av Sikt, og er retta mot medlemmane i BIBSYS-konsortiet og andre interesserte i bibliotek- og biblioteksystemfeltet.
CodeRefinery
CodeRefinery er eit prosjekt i regi av NeIC (Nordic e-Infrastructure Collaboration), og har som mål å bidra til opplæring og kompetanse slik at forskarar og studentar utviklar og bruker FAIR-kode og programvare. Dei arrangerer jamnlege workshops i Norden, som er opne for alle.
Digitaliseringskonferansen for høgare utdanning og forsking
Digitaliseringskonferansen for høgare utdanning og forsking er ein arena for å diskutere og konkretisere korleis strategi og handlingsplan for digitalisering i forsking og høgare utdanning settast ut i livet. Det vil seie at open forsking er berre eitt av temaa som tas opp, og i kor stor grad og korleis det dekkast, vil variere frå år til år.
EUNIS annual congress
EUNIS annual congress er ein årleg konferanse arrangert av European University Information Systems (EUNIS), ein ideell organisasjon for dei som jobbar med IT i høgare utdanning i Europa.
FORCE11
FORCE11 sin årlege konferanse samlar forskarar, forlag, bibliotek, teknologar og finansiørar frå heile verda til å diskutere framtida for forskingskommunikasjon. Sentrale tema er open science, FAIR-data og forskingsvurdering.
IDCC
International Digital Curation Conference arrangerast årleg av Digital Curation Centre (DCC). Som namnet seier, dekker han digital kuratering av forskingsdata. Konferansen går vanlegvis over to dagar med mange parallellsesjonar og nokre workshops i tillegg.
LIBER annual conference
LIBER annual conference er ein årleg konferanse arrangert av LIBER, den europeiske foreininga for forskingsbibliotek. LIBER har også aktive Working Groups som jobbar med tema innan Open Science og som òg halder andre arrangement i laupet av året.
Lund Online
Lund Online er er ein tredagars konferanse for bibliotek, utgivarar, forskarar og forskingsfinansiørar som tar føre seg landskapet rundt vitskapeleg publisering. Konferansen er sponsa av forlaga og gratis for deltakarane.
Munin Conference on Scholarly Publishing
Munin-konferansen er ein årleg konferanse som arrangerast i Tromsø av UiT Noregs arktiske universitet. Hovudtema er open tilgang og andre tilgrensande tema knytt til vitskapeleg publisering og kommunikasjon. Mykje av innhaldet blir strøyma eller filma og lagt ut opent i etterkant av konferansen.
OASPA Annual Conference
OASPA sin årlege konferanse blir arrangert av Open Access Scholarly Publishing Association (OASPA), og er ein sentral møteplass for heile open access-forlagsmiljøet – forlag, bibliotek, forskarar og finansiørar.
Open Repositories
Open Repositories er ein årleg konferanse som tidlegare har fokusert på open tilgang, men som no også har fokus på handtering av forskningsdata.
OSTrails Train-the-Trainer Bootcamp
OSTrails er eit Horizon Europe-prosjekt som arbeider med å kople saman datahandteringsplanar, Scientific Knowledge Graphs og FAIR-vurderingsverktøy. Prosjektet arrangerer jamnlege Train-the-Trainer Bootcamps for datastewardar, forskingsstøtte- og infrastrukturpersonell ved nasjonale og europeiske forskingsinfrastrukturar (ESFRI). Bootcampen er søknadsbasert med avgrensa tal på plassar.
RDA Plenary Meetings
Research Data Alliance (RDA) Plenaries er arbeidsmøte for RDA sine medlemmer. Det finn stad to gongar i året: eitt hybrid og eitt digitalt. Kvart andre år blir eit av møta arrangert som del av den større konferansen International Data Week. Her møtest eit breitt, tverrfagleg fellesskap av forskarar, bibliotekarar, teknologar og policyfolk for å jobbe konkret med deling og gjenbruk av forskingsdata på tvers av fag og land.
The Carpentries
The Carpentries er workshop-metodikk og nettverk med mål å lære forskarar grunnleggande koding og dataanalyse. I Noreg har mellom anna Universitetet i Oslo regelmessige kurs, og desse er ofte opne også for eksterne deltakarar.
The Open Science Conference
The Open Science Conference er ein årleg konferanse som blir arrangert i Berlin av Leibniz Research Alliance Open Science.
UKSG
Sjå òg oversyn over relevante webinar i vår Arrangementskalender for åpen forskning – Event calendar for open science