Konferansar og kurs
BIBSYS-konferansen
BIBSYS-konferansen er ein arena for formidling av kompetanse på område knytt opp mot Sikt sine bibliotektenester.
CodeRefinery
CodeRefinery er eit prosjekt i regi av NeIC (Nordic e-Infrastructure Collaboration), og har som mål å bidra til opplæring og kompetanse slik at forskarar og studentar utviklar og bruker FAIR-kode og programvare. Dei arrangerer jamnlege workshops i Norden, som er opne for alle.
Digitaliseringskonferansen for høgare utdanning og forsking
Digitaliseringskonferansen for høgare utdanning og forsking er ein arena for å diskutere og konkretisere korleis strategi og handlingsplan for digitalisering i forsking og høgare utdanning settast ut i livet. Det vil seie at open forsking er berre eitt av temaa som tas opp, og i kor stor grad og korleis det dekkast, vil variere frå år til år.
EUNIS annual congress
EUNIS annual congress er ein årleg konferanse arrangert av European University Information Systems (EUNIS), ein ideell organisasjon for dei som jobbar med IT i høgare utdanning i Europa.
FORCE11 annual conference
The Future of Research Communications and e-Scholarship (FORCE11) annual conference er ein årleg konferanse.
FSCI
FORCE Scholarly Communication Institute (FSCI) blir arrangert årleg av FORCE i samarbeid med University of California, og er eit ukelangt kurs med tema knytt til publisering og formidling av forsking.
IDCC
International Digital Curation Conference arrangerast årleg av Digital Curation Centre (DCC). Som namnet seier, dekker han digital kuratering av forskingsdata. Konferansen går vanlegvis over to dagar med mange parallellsesjonar og nokre workshops i tillegg.
LIBER annual conference
LIBER annual conference er ein årleg konferanse arrangert av LIBER, den europeiske foreininga for forskingsbibliotek. LIBER har også aktive Working Groups som jobbar med tema innan Open Science og som òg halder andre arrangement i laupet av året.
Lund Online
Lund Online er er ein tredagars konferanse for bibliotek, utgivarar, forskarar og forskingsfinansiørar som tar føre seg landskapet rundt vitskapeleg publisering. Konferansen er sponsa av forlaga og gratis for deltakarane.
Munin Conference on Scholarly Publishing
Munin-konferansen er ein årleg konferanse som arrangerast i Tromsø av UiT. Hovudtema er open tilgang og andre tilgrensande tema knytt til vitskapeleg publisering og kommunikasjon. Mykje av innhaldet blir strøyma eller filma og lagt ut opent i etterkant av konferansen.
Open Repositories
Open Repositories er ein årleg konferanse som tidlegare har fokusert på open tilgang, men som no også har fokus på handtering av forskningsdata.
RDA Plenary Meetings
Research Data Alliance (RDA) Plenaries er nærast som arbeidsmøte eller workshops, og finn stad to gongar i året. Her er det fokus på konkret handtering av forskingsdata. RDA arrangerer òg andre aktuelle nasjonale workshops og arrangement.
The Carpentries
The Carpentries er workshop-metodikk og nettverk med mål å lære forskarar grunnleggande koding og dataanalyse. I Noreg har mellom anna Universitetet i Oslo regelmessige kurs, og desse er ofte opne også for eksterne deltakarar.
The Open Science Conference
The Open Science Conference er ein årleg konferanse som blir arrangert i Berlin av Leibniz Research Alliance Open Science.
Anna
Andre aktuelle konferansar, webinar og e-kurs annonserast ofte på epost-lista Norainfo, som driftast av Universitetet i Tromsø, UiT. Der diskuterast mellom anna open tilgang, vitenarkiv og relevante arrangement. For å bli abonnent, send ein e-post til sympa@list.uit.no med Subscribe norainfo som emnefelt, utan innhald i sjølve e-posten. (Ein melder seg av ved å sende e-post til same adresse med Unsubscribe norainfo som emnefelt.)
Sjå òg vår Arrangementskalender for åpen forskning – Event calendar for open science