Nettkurs, litteratur og ressursar
Nettkurs for forskarar
MOOC står for «Massive Open Online Course», og er som namnet seier opne internettkurs.
Open Science MOOC 1: Modular om opne prinsipp, open programvare/kjeldevare og liknande. Drivast fram av frivillige med ein styringskomité i spissen, og ei rekke viktige samarbeidspartnarar innanfor open forsking, som Unpaywall, Zenodo, figshare, Altmetrics og andre.
Open Science MOOC 2: Nettkurs utvikla av universitetet i Delft, i samarbeid med edX, som går over fire veker. Dekker tema som effektiv publisering med open tilgang, FAIR-data og korleis forskarar kan auke synlegheit på nettet.
Research Data Management and Sharing: Nettkurs som gir ein introduksjon til datahandtering, utvikla av The University of North Carolina at Chapel Hill og The University of Edinburgh.
CESSDA Data Management Expert Guide: Guide/nettkurs som går gjennom heile forskingsdata-syklusen. Hovudmålgruppa er forskarar frå samfunnsvitskapelege fag, men mykje her er generelt nok til å vere nyttig for alle fagfelt.
CodeRefinery: Nordisk-forankra treningsnettverk som lærer forskarar verktøy for reproduserbar forsking — versjonskontroll (Git), dokumentasjon av avhengigheiter, arbeidsflytar og open kode/programvare. Gratis nettbaserte workshops fleire gonger i året, materialet er ope tilgjengeleg for sjølvstudium.
The Carpentries (Software Carpentry / Data Carpentry / Library Carpentry): Internasjonalt nettverk som held praktiske workshops i grunnleggande programmerings- og datahandteringsferdigheiter for forskarar (Python, R, Unix-skal, Git). Arrangerer jamleg kurs også i Noreg. Alt kursmateriell er ope tilgjengeleg.
Nettkurs for forskarstøtte
RDMLA (Research Data Management Librarian Academy): Kursmodular på Canvas Network som rettar seg mot bibliotekarar som skal tilby tenester og støtte til forskarar.
Delivering Research Data Management Services: Nettkurs på plattforma FutureLearn, som rettar seg mot institusjonar som skal sette opp tenester og støtte tilknytt forskingsdatahandtering.
Forskningsdata og avtaleverk: Webinar frå UiT Noregs arktiske universitet som gir oversikt over regelverk og avtaleverk for forskingssamarbeid, med særleg fokus på forskingsdata.
Portalar og samlesider
FOSTER-arkivet på Zenodo: FOSTER og FOSTER+ var EU-finansierte prosjekt som utvikla treningsmateriell for open forsking. Sjølve e-læringsportalen er ikkje lenger i drift, men alt materiellet, inkludert Open Science Training Handbook, er arkivert og fritt tilgjengeleg på Zenodo.
SSHOC: Samleside med læringsressursar frå SSHOC, Social Sciences & Humanities Open Cloud.
The ELIXIR Research Data Management Kit (RDMkit) er ein nettguide som viser god datahandteringspraksis i forskingsprosjekt i livsvitskapane frå begynnelse til slutt. Han er anbefalt av Horizon Europe sin programguide. Nettstaden har òg oversikt over FAIR og opne RDM-verktøy, samt retningslinjer for livsvitenskapane. Lenker til tilleggsressursar.
Tekst: Open Science Toolbox/Sikt