Finn opent tilgjengeleg forsking


Kva finst av tenester som gjer det lettare å finne fram til forskingsresultat som er opne for lesing?

Bilde av briller, avis og pc
Illustrasjon: Shutterstock

Tenester og baser

NORA. Den norske aggregatoren NORA gir norske vitenarkiv i éi teneste. NORA er igjen del av det større OpenAIRE-nettverket av vitenarkiv og aggreatorar.  

DOAJ. Ei viktig søketeneste for OA-tidsskrift er DOAJ, Directory of Open Access Journals. Her kan det søkast i fleire tusen tidsskrift innan dei aller fleste fagområde.

CORE. Aggregatoren hevdar å ha verdas største samling av vitskapelege artiklar.

BASE – Bielefeld Academic Search Engine. Akademisk søkemotor som inneheld om lag 120 millionar dokument. Rundt 60 % av dei indekserte dokumenta er opent tilgjengelege.

Dimensions. Siterings- og fulltekstdatabase med vitskapelege publikasjonar og finansieringsinformasjon. Tenesta er kommersiell, men har ein gratisversjon kor ein kan søke etter opne artiklar. Det finst òg siteringstal og statistikk.

Google Scholar er den mest omfattande databasen over forskingslitteratur, men har ikkje redaksjonell vurdering av kvaliteten på kjeldene. Derfor vil databasen gjerne inkludere ulike typar «grønt» OA-materiale (preprint, postprint og publiserte versjonar) og «grå litteratur», altså forskingslitteratur som ikkje blir fagfellevurdert, som konferansebidrag eller forskingsrapportar.

OpenDOAR. Internasjonal database over opne arkiv og deira politikk for deling. 

OSF Preprints. Open plattform som samlar preprint-versjoner og opent distribuerte manuskript av vitskapelege artiklar innan alt frå økonomi, arkitektur, samfunnvitskap og medisin. 

Zenodo. Opent vitskapeleg arkiv som drivast av CERN. Her kan forskarar deponere publikasjonar, preprint-versjonar, programvare og forskingsdata gratis.

 

Opne fagspesifikke arkiv – til dømes:

Medisin, biologi

bioRxiv. Opent arkiv over preprint-versjonar av artiklar frå medisinsk forsking. 

PubMed Central (PMC). Arkiv med opne artikler innan fagfelt som medisin og biologi.

Fysikk, matematikk, informatikk

arXiv. Preprintarkiv for fysikk, matematikk og informatikk.

Samfunnsvitskap og humaniora

SocArXiv. Opent arkiv for samfunnsvitskapelege preprint-artikler, artikler i arbeid og annan samfunnsvitskap som lov og rett, utdanning etc. 

Humanities Commons. Arkiv med opne artiklar, bøker og andre publikasjonar innan humaniora. 

Norske opne tidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap. Frå 2017 er eit utval sentrale norske tidsskrift innan humanoira og samfunnsvitskap opent tilgjengelege.

 

Referansedatabasar

Forskarar som er knytt til ein norsk forskingsinstitusjon har ofte tilgang til såkalla referansedatabasar, der ein kan gjere avanserte søk etter relevant forskingslitteratur. Dei kommersielle basane Web of Science frå Clarivate Analytics og Scopus frå Elsevier er dei mest brukte. Desse databasane gir høve til å filtrere på open access, slik at det da skal vere mogleg å få oversyn over relevant open litteratur. Kontakt biblioteket ved institusjonen din viss du er usikker på om du har tilgang eller viss du treng rettleiing i bruk av verktøya.

 

Plug-ins

Det finst fleire nettlesartillegg som kan forenkle prosessen med å finne lovlege opne versjonar av forskingslitteratur som ligg bak betalingsmur hos forlaga. Verktøya lastast ned og installerast i nettlesaren din. Søk slik du er van med og bruk plug-in som viser deg kor du eventuelt finn opne versjonar av ein artikkel.

 

Ta kontakt 

Kontakt artikkelforfattar eller andre forskarar

Det finst fleire sosiale medium kor forskarar både kan bygge nettverk og utveksle informasjon. Til dømes er ResearchGate og Academia populære tenester. Ver likevel klar over at mange forskarar deler meir enn dei strengt tatt har lov til å dele med omsyn til opphavsretten. Sjekk forlaget/tidsskriftet sin policy i Sherpa/Romeo-basen, eller på heimesida deira.

Kontakt biblioteket
Artiklar som ikkje er fritt tilgjengelege og som biblioteket ditt ikkje har i samlingane sine, kan skaffast frå andre bibliotek. Søk opp og bestill artikkelen i Oria, så vil biblioteket prøve å skaffe han for deg. 


Share: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter