Finn opent tilgjengeleg forsking


Kva finst av tenester som gjer det lettare å finne fram til forskingsresultat som er opne for lesing?

Foto: Shutterstock

English version

Tenester og databasar 

BASE – Bielefeld Academic Search Engine. Akademisk søkemotor som inneheld nærare ein halv million dokument. 

CORE. Aggregatoren hevdar å ha verdas største samling av vitskapelege artiklar.

Dimensions. Siterings- og fulltekstdatabase med vitskapelege publikasjonar og finansieringsinformasjon. Tenesta er kommersiell, men har ein gratisversjon kor ein kan søke etter opne artiklar. Det finst òg siteringstal og statistikk.

DOAJ. Ei viktig søketeneste for OA-tidsskrift er DOAJ, Directory of Open Access Journals. Her kan det søkast i fleire tusen tidsskrift innan dei aller fleste fagområde.

Google Scholar er den mest omfattande databasen over forskingslitteratur, men har ikkje redaksjonell vurdering av kvaliteten på kjeldene. Derfor vil databasen gjerne inkludere ulike typar «grønt» OA-materiale (preprint, postprint og publiserte versjonar) og «grå litteratur», altså forskingslitteratur som ikkje blir fagfellevurdert, som konferansebidrag eller forskingsrapportar.

Nasjonalt vitenarkiv. Frå 2025 kan du søke i publikasjonar frå forskarar frå universitet, høgskolar og forskingsinstitusjonar over heile landet. 

OpenAlex er ei fullt open teneste som har indeksert nærare 500 millionar vitskapelege publikasjoner. Dei er lenka til forfattarar, institusjonar og finansiører. Data frå m.a. PubMed, arXiv, Crossref og tusenvis av andre kjelder blir slegne saman i denne tenesta.  

OpenDOAR. Internasjonal database over opne arkiv og deira politikk for deling. 

OSF Preprints. Open plattform som samlar preprint-versjoner og opent distribuerte manuskript av vitskapelege artiklar innan alt frå økonomi, arkitektur, samfunnvitskap og medisin. 

Zenodo. Opent vitskapeleg arkiv som drivast av CERN. Her kan forskarar deponere publikasjonar, preprint-versjonar, programvare og forskingsdata gratis.

Opne fagspesifikke arkiv – til dømes:

Medisin, biologi

bioRxiv. Opent arkiv over preprint-versjonar av artiklar frå medisinsk forsking. 

PubMed Central (PMC). Arkiv med opne artikler innan fagfelt som medisin og biologi.

Fysikk, matematikk, informatikk

arXiv. Preprintarkiv for fysikk, matematikk og informatikk.

Samfunnsvitskap og humaniora

SocArXiv. Opent arkiv for samfunnsvitskapelege preprint-artikler, artikler i arbeid og annan samfunnsvitskap som lov og rett, utdanning etc. 

Humanities Commons. Arkiv med opne artiklar, bøker og andre publikasjonar innan humaniora. 

Referansedatabasar

Forskarar som er knytt til ein norsk forskingsinstitusjon har ofte tilgang til såkalla referansedatabasar, der ein kan gjere avanserte søk etter relevant forskingslitteratur. Dei kommersielle basane Web of Science frå Clarivate Analytics og Scopus frå Elsevier er dei mest brukte. Desse databasane gir høve til å filtrere på open access, slik at det da skal vere mogleg å få oversyn over relevant open litteratur. Kontakt biblioteket ved institusjonen din viss du er usikker på om du har tilgang eller viss du treng rettleiing i bruk av verktøya.

Plug-ins

Det finst fleire nettlesartillegg som kan forenkle prosessen med å finne lovlege opne versjonar av forskingslitteratur som ligg bak betalingsmur hos forlaga. Verktøya lastast ned og installerast i nettlesaren din. Søk slik du er van med og bruk plug-in som viser deg kor du eventuelt finn opne versjonar av ein artikkel.

Ta kontakt 

Kontakt artikkelforfattar eller andre forskarar

Det finst fleire sosiale medium kor forskarar både kan bygge nettverk og utveksle informasjon. Til dømes er ResearchGate og Academia populære tenester. Ver likevel klar over at mange forskarar deler meir enn dei strengt tatt har lov til å dele med omsyn til opphavsretten. Sjekk forlaget/tidsskriftet sin policy i Jiscs Open policy finder (tidlegare Sherpa/Romeo-basen), eller på heimesida deira.

Kontakt biblioteket

Artiklar som ikkje er fritt tilgjengelege og som biblioteket ditt ikkje har i samlingane sine, kan skaffast frå andre bibliotek. Søk opp og bestill artikkelen i Oria, så vil biblioteket prøve å skaffe han for deg. 


Del: Share to LinkedIn Share by mail