Internasjonalt samarbeid


Unit samarbeider med andre land om forhandlingane med dei internasjonale forlaga.

Foto: DiazWerks. Tilgjengeleg under CC BY-NC 2.0 lisens

Internasjonalt samarbeid om forhandlingar skjer mellom anna gjennom organisasjonen The International Coalition of Library Consortia (ICOLC) som omfattar rundt 200 konsortium over heile verda.

Det at Unit var først med å få på plass avtale om open publisering med verdas største utgivar, Elsevier, var eit historisk gjennombrot, og kan vere ein mogleg katalysator for globale endringar. Inngåing av gode avtalar med store forlag vekker internasjonal merksemd og styrker vårt internasjonale nettverk.

Det er òg tett samarbeid på nordisk nivå, med månadlege møte.

Les meir om forhandlingar om open tilgang.

Unit ved Lisensavtaler og åpen tilgang er norsk NOAD (National Open Access Desk) og regional koordinator for den nordiske regionen av OpenAIRE.


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter