Kva er open forsking?


Open forsking (open science) handlar i si enklaste form om gratis og fri (utan restriksjonar) tilgang til resultat frå offentleg finansiert forsking, men omgrepet brukast òg om meir omfattande endringar av det vitskapelege systemet.

Resultat av åpen forskning
GTSO-Couperin, CC BY 4.0, via Wikimedia Commons

I løpet av dei to siste tiåra har open forsking (open science) fått ein viktig posisjon i strategiar og retningslinjer for forsking. 

Open forsking omfattar ei heil rekke tendensar og retningar som i stor grad er gjort mogleg av nye digitale teknologiar for deling av informasjon. Det er dermed i nær slekt med omgrepet «Science 2.0», som vektlegg moglegheitene digitale verktøy og internett gir for samarbeid og deling av informasjon.

Open forsking inneber både vidareføring og kritikk av eksisterande vitskapelege tradisjonar. Mange av prinsippa for open forsking er ei vidareføring av etablerte prinsipp for god forsking, men er òg ein kritikk av tendensane til å halde mykje av sjølve forskingsprosessen skjult og «lukke» tilgangen til resultata i form av betalingsmurar.

Det er eit breitt spenn i dei forventa effektane av open forsking. Auka etterprøvbarheit og kvalitet, auka verdiskaping, demokratisering av kunnskap og auka innovasjon er berre nokre av fordelane som ofte nemnast. Det hindrar ikkje at enkelte aspekt ved open forsking er omdiskutert, blant anna har potensialet for misbruk av data til illegitime formål (for eksempel biologiske våpen) og påstått lågare kvalitet på publikasjonar i opne tidsskrift blitt brukt som argument mot open forsking. Her i Noreg har det vore ein del debatt rundt opne lisensar i samband med Plan S, der blant anna Forskerforbundet har markert seg som motstandarar av den føreslegne obligatoriske CC-BY-lisensen.  

 

Aspekt ved open forsking

Open forsking er eit paraplyomgrep som spenner over eit vidt spekter av aktivitetar og prinsipp. 

Dei vanlegaste oversiktane over open forsking inkluderer som regel open tilgang til publikasjonar (open access), opne data,  open kjeldekode og opne læringsressursar. I tillegg er også open metodologi (inkludert preregistrering av studium, som særleg er brukt ved kliniske utprøvingar) og folkeforsking (citizen science) eller brukarmedverking gjerne med. Kva som reknast med under open forsking kjem gjerne an på kva som vektleggast – kva som skal vere opent for kven av kva for grunnar. Er det demokratisering og inkludering av ålmenta som er vektlagt, er folkeforsking ein naturleg del av open forsking, men er det reproduserbarheit som er hovudfokuset, blir ofte transparens og opne data vektlagt.

FOSTER Open Science, ein EU-støtta e-læringsportal for open forsking, har utvikla ein omfattande taksonomi for open forsking: 

Oversikt over taksonomien til open science

Illustrasjon: FOSTER Open Science CC BY 4.0 

Andre framstillingar av Open Science-paraplyen har ei enklare oppbygning: 

 

Paraply med begreper knyttet til åpen forskning

 

Open forsking i praksis: forsvarleg, reproduserbar og open  

Når det gjeld open forsking i praksis, er det først og fremst open tilgang til publikasjonar (open access) og opne data som har stått i sentrum. Andre element innanfor open forsking, som open kjeldekode, open fagfellevurdering og opne læringsressursar, begynner likevel å få meir fokus. Dette bidrar både til at kunnskap og forskingsresultat blir gjort tilgjengeleg for fleire, men også at sjølve forskingsprosessen og metodikken blir meir transparent og i aukande grad kan etterprøvast og forbetrast. 

Sidan god forvaltning av forskingsdata er ein føresetnad for både opne data og generell etterprøvbarheit, inneber open forsking i praksis også gode rutinar og reiskap for datahandtering. God datahandteringspraksis, inkludert informasjonssikkerheit og personvern, blir dermed eit viktig element i innføringa av open forsking. 

Det er i denne samanhengen viktig å vektlegge at openheit i forskning ikkje er noko absolutt «enten – eller», men kan gjerast delvis, gradvis og på ulike tidspunkt og ulike måtar. Prinsippet for open forsking må alltid vere «så opent som mogleg, så lukka som nødvendig». Omsyn knytt til personvern, forskingsetikk eller juridiske vurderingar vil for eksempel legge føringar for kva som kan delast opent og ikkje. Open forsking skal alltid innebere forsvarleg og etisk forsking, og i tillegg ha som mål å vere mest mogleg transparent, etterprøvbar og opent tilgjengeleg.

 

Eksempel på open forsking i praksis: 

  • Norsk ordbok er ei opent tilgjengeleg vitskapeleg ordbok som gir ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket.  Alt av grunnlagsmateriale som ordboksartiklane bygg på er digitalisert og søkbart.
  • eLife: Eit Open Access-tidsskrift som også har klare retningslinjer for tilgjengeliggjering av data, bruker ein open-source programvare for publisering, og har open fagfellevurdering som publiserast saman med artiklar. eLife har også begynt å teste såkalla «Executable Research Articles», med data, kode, analyse og interaktive figurar tilgjengeleg for utforsking og nedlasting. 
  • Open Source Malaria: Forskingsprosjekt som utviklar malariamedisin. Alle som ønsker kan delta i samarbeidet og bidra med innspel til justering av prosjektet, og alt delast undervegs, inkludert idear, protokoller, labjournalar, data, resultat etc., og ingenting skal patenterast. 
  • Allen Brain Map: Allen Institute for Brain Science er eit forskingsinstitutt som har som mål å forstå korleis hjernen fungerer, og som gjer data, digitale ressursar og verktøy opent tilgjengeleg.  

 

Tekst: Open Science Toolbox/Sikt

Referanser


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter