Institusjonelle strategiar og retningslinjer


Som ledd i arbeidet med open forsking har mange forskningsinstitusjonar i Noreg utarbeidd politikk, retningslinjer eller strategiar for eitt eller fleire område og aspekt som høyrer til under «open science-paraplyen».

Ein god del institusjonar har i fleire år hatt gjeldande retningslinjer eller prinsipp for open publisering av vitskapeleg arbeid. I tillegg er det fleire som allereie har, eller er i gang med å utvikle, retningslinjer også for forskingsdata eller for open forsking generelt. Her presenterer vi nokre hovudtrekk ved desse ulike typane retningslinjer og strategiar knytt til open forsking. 

Politikk og retningslinjer for open forsking vil måtte vere i tråd med og halde seg til fleire andre retningslinjer og strategiske dokument. Dette kan vere ved institusjonen sjølv, i tillegg til føringar frå regjeringa og forskingsfinansiørar og ikkje minst relevante lovar og regelverk. Eksempel er institusjonen sine overordna styrande dokument som omhandlar kjerneaktivitetar som forsking og utdanning, rutinar og retningslinjer med gjennomgåande tema som personvern og informasjonssikkerheit, samt dei som er meir konkrete og spesifikke, eksempelvis forskingsetiske retningslinjer.

Særleg området immaterielle/intellektuelle rettar (IPR; Intellectual Property Rights) er viktig å sjå i samanheng med open forsking, da det legg ein del konkrete føringar for forvaltning av forskingsresultat. Denne typen politikk inkluderast derfor her. Tematikk som personvern og informasjonssikkerheit er òg av stor praktisk betydning for datahandtering og opne data. Dette blir tatt opp nærmare i tekstane om forskingsdata, særleg Personopplysningar og GDPR og Sensitive data og informasjonssikkerheit.

Publisering og open tilgang

I tråd med krav og retningslinjer frå regjeringa har mange norske universitet, høgskolar og andre forskingsinstitusjonar i fleire år hatt politikk, retningslinjer eller rutinar for open tilgang til forskingspublikasjonar. Dei fleste norske universitet og høgskolar har eigne strategiar eller retningslinjer for open tilgang, til dømes UiO, UiT, Nord universitet, UiS, NMBU og OsloMet. UiB og NTNU har innlemma sine retningslinjer for open tilgang i ein breiare politikk for open vitskap; sjå avsnittet om heilskapleg politikk nedanfor.

Open publisering av vitskapeleg fagfellevurderte artiklar i Noreg skjer i dag hovudsakleg gjennom publiser og les-avtalar (hybridavtale) og gull open tilgang, medan grøn open tilgang gjennom eigenarkivering utgjer ein mindre del. Eigenarkivering skjer no i Nasjonalt vitenarkiv (NVA), som frå 2025 har erstatta både Cristin og dei tidlegare institusjonsarkiva ved kvar enkelt institusjon.

Fleire forskingsinstitusjonar i Noreg har utarbeidd eigen rettigheitspolitikk (Rights Retention Strategy/IRRS). Sjå oversyn.

UiT Noregs arktiske universitet har oppretta eit eige program for støtte til diamant open tilgang. Sjå UiTs portal for publisering og open tilgang.

I tillegg driv ein del norske institusjonar eiga forlagsverksemd ved å publisere opne vitskapelege tidsskrift. Ein vanleg modell er at institusjonen sitt bibliotek driftar ei plattform for digital publisering og tilbyr grunnleggande støtte til forskarar som ønsker å opprette og drifte fagfellevurderte tidsskrift. Open Journal Systems er ein open-source programvare som er mykje brukt, til dømes av FRITT-tenesta ved UiO, Septentrio Academic Publishing ved UiT og BOAP (Bergen Open Access Publishing) ved UiB.

Forskingsdatahandtering og opne data

Fleire institusjonar har dei siste åra utarbeidd prinsipp, politikk eller retningslinjer for forskingsdata og korleis desse skal forvaltast. Denne type strategiske dokument er enno ganske nytt for mange norske institusjonar, men fleire og fleire ser viktigheita av å fokusere på forvalting og tilgjengeleggjering av forskingsdata. Strategiar og retningslinjer frå regjeringa og forskingsfinansiørane har vore viktige pådrivarar for utviklinga av slike institusjonelle strategiar, men det er òg universitet som har jobba langsiktig og aktivt med forvalting og deling av forskingsdata i fleire år. I Noreg har særleg UiT tatt ei leiande rolle innan open forsking og forskingsdata, med mellom anna oppretting og drift av infrastruktur for arkivering og deling av forskingsdata, DataverseNO.

Omfang, form og formulering i ulike retningslinjer og prinsippa knytt til forskingsdata varierer, men hovudinnhaldet i dei fleste er i tråd med den nasjonale strategien og FAIR-prinsippa. Data, inkludert metadata og annan dokumentasjon, skal handterast og forvaltast på ein forsvarleg måte. Forskingsdata skal så langt som mogleg arkiverast og gjerast opent tilgjengeleg, men med beskriving av tilfelle kor data ikkje kan eller bør delast. Dei fleste institusjonar har òg forventningar eller krav om at alle forskingsprosjekt skal utarbeide ein datahandteringsplan. I tillegg spesifiserer mange retningslinjer at det formelle eigarskapet til forskingsdata som hovudregel høyrer til institusjonen, når dataa blir genererte av tilsette ved institusjonen (sjå òg avsnittet nedanfor om immaterielle rettar).

Dei største skilnadene mellom ulike institusjonar er knytt til kor konkrete og detaljerte retningslinjene eller politikken er, og ikkje minst om ulike roller og ansvar blir beskrivne og kva institusjonen skal tilby av infrastruktur, støtte og opplæring. 

Heilskapleg politikk for open forsking

Som eit alternativ til separate strategiar og politikk, kan det utarbeidast ein overordna strategi som dekker fleire av aspekta under paraplyen open forsking. Eit døme på dette er Forskningsrådets policy for åpen forskning, som inkluderer mellom anna open publisering, forskingsdata, open innovasjon og vurdering av forsking.

UiB vedtok i 2020 sin første overordna politikk for open forsking.

Også NTNU har publisert ein utviklingsplan for open vitskap, opphavleg for perioden 2023–2025: NTNU utviklingsplan for open vitskap

USN har òg vedtatt ein politikk for open forsking (2024), som dekker fleire område under open forsking-paraplyen, mellom anna vitskapeleg publisering, kunstnarleg utviklingsarbeid og formidling.

Immaterielle rettar (IPR)

For å legge til rette for god forvalting og offentleggjering av forskingsresultat, vil regulering av og kunnskap om rettar og eigarskap til arbeidsresultat knytt til forsking vere viktig. Immaterielle eller intellektuelle rettar, også kalla IPR (Intellectual Property Rights), inkluderer opphavsrett og industrielle rettar (patent, varemerke og designrettar). Desse rettane oppstår ved såkalla "skapande innsats", og er regulerte ved lov, slik som Åndsverksloven, Patentloven og Arbeidstakeroppfinnelsesloven, og kan også regulerast gjennom avtalar og kontraktar, da gjerne arbeidsavtalen. 

Norske universitet har i stor grad retningslinjer eller politikk for immaterielle rettar kor hovudregelen er at institusjonen (når han er arbeidsgivar) overtar eller har rett til å overta eigarskap til arbeidsresultat, frå arbeidstakar som er opphavleg "skapar" eller eigar. Det er verdt å merke seg at studentar, med mindre anna er avtalt, sjølv har eigarskap og har full råderett over sine resultat, sidan dei ikkje har et tilsetjingsforhold. Formålet med ei slik overføring er gjerne å sikre at institusjonen sjølv har bruksrett til resultat og materiale, å legge til rette for offentleggjering, formidling og spreiing av forskingsresultat og kunnskap, samt å ha høve til å utnytte forskingsresultat med potensiale for kommersialisering. Sjølv om kommersielle rettar blir overførte til arbeidsgivar, vil alltid opphavspersonen til åndsverk ha dei ideelle rettane, slik som retten til kreditering. Fleire institusjonar har også unntak for nokre typar arbeidsresultat, slik som undervisingsmateriell med personleg preg eller kunstnarlege verk. I praksis vil ofte forskarar sjølv i stor grad bestemme korleis forskingsresultata skal brukast, formidlast og tilgjengeleggjerast, slik at den akademiske fridomen blir ivaretatt.

Dei fleste retningslinjene hos institusjonane er i tråd med prinsippa i open forsking. I nokre tilfelle må ein balansere omsyn til potensiell kommersialisering og openheit, noko som ofte inneber behov for god planlegging og bevisstgjering i forskingsprosjekt. Eit døme på dette er forskingsprosjekt som har som resultat (mogleg) patenterbare oppfinningar. Ein søknad om patent, som vil gi einerett på å utnytte ei teknologisk løysing i kommersiell samanheng, kan berre gjerast før ei oppfinning er publisert eller offentleggjort, men det er fullt mogleg å publisere forskingsresultata etter at ein patentsøknad er sendt inn. Ved forskingsprosjekt med eksterne samarbeidspartnarar og finansiørar, er det òg viktig å sørge for å avklare eigarskap og bruksrett, slik at forskingsresultata kan publiserast og brukast vidare i forsking og undervisning.
 

Tekst: Open Science Toolbox/Sikt

Lisensiert med CC0


Del: Share to LinkedIn Share by mail