Nettkurs, litteratur og ressursar


Ei rekkje opent tilgjengelege ressursar, nettbaserte kurs (e-læring), bøker og artiklar har meir inngåande informasjon om open tilgang eller open forsking.

Nettkurs for forskarar

MOOC står for «Massive Open Online Course», og er som namnet seier opne internettkurs.

Open Science MOOC 1: Modular om opne prinsipp, open programvare/kjeldevare og liknande. Drivast fram av frivillige med ein styringskomité i spissen, og ei rekke viktige samarbeidspartnarar innanfor open forsking, som Unpaywall, Zenodo, figshare, Altmetrics og andre. 

Open Science MOOC 2: Nettkurs utvikla av universitetet i Delft, i samarbeid med edX, som går over fire veker. Dekker tema som effektiv publisering med open tilgang, FAIR-data og korleis forskarar kan auke synlegheit på nettet. 

Research Data Management and Sharing: Nettkurs som gir ein introduksjon til datahandtering, utvikla av The University of North Carolina at Chapel Hill og The University of Edinburgh. 

MANTRA – Research Data Management Training: Nettkurs om handtering av forskingsdata, utvikla av The University of Edinburgh. 

CESSDA Data Management Expert Guide: Guide/nettkurs som går gjennom heile forskingsdata-syklusen. Hovudmålgruppa er forskarar frå samfunnsvitskapelege fag, men mykje her er generelt nok til å vere nyttig for alle fagfelt. 

NTNU Universitetsbiblioteket har utarbeidd tre opne nettkurs innanfor open forsking og gjenbruk retta mot ph.d.-stipendiatar:

Nettkurs for forskarstøtte

RDMLA (Research Data Management Librarian Academy): Kursmodular på Canvas Network som rettar seg mot bibliotekarar som skal tilby tenester og støtte til forskarar. 

Delivering Research Data Management Services: Nettkurs på plattforma FutureLearn, som rettar seg mot institusjonar som skal sette opp tenester og støtte tilknytt forskingsdatahandtering. 

Essentials 4 Data Support: Introduksjonskurs for dei som skal tilby forskarstøtte knytt til datahandtering. Utvikla av rdnl (Research Data Netherlands), som i tillegg til gratis nettkurs òg tilbyr fysiske samlingsbaserte kurs (mot avgift). 

Forskningsdata og avtaleverk: Webinar frå UiT som gir oversikt over regelverk og avtaleverk for forskingssamarbeid, med særleg fokus på forskingsdata. Kurspresentasjonen ligg opent tilgjengelig.

Portalar og samlesider

FOSTER:  E-læringsportal med ein lang rekke kurs, materiale og ressursar innan open forsking, forskingsdata og relaterte tema. 

SSHOC Training Toolkit: Samleside med læringsressursar frå SSHOC, Social Sciences & Humanities Open Cloud.

Lyd og bilde

Open Science Talk: Podcast om open forsking frå UiT.

Data Sharing and Management Snafu in 3 Short Acts:  Video som viser kvifor god datahandtering kan vere nyttig.

E-bøker

Engaging Researchers with Data Management: The Cookbook 

Open Science Training Handbook 

A FAIRy tale 

 

Tekst: Open Science Toolbox/Unit


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter