Forhandlingar om open tilgang


Målet i Sikt (tidlegare Unit) sine forhandlingar med utgivarane av vitskapleg litteratur er å få på plass berekraftige avtaler, i tråd med regjeringa sine Nasjonale mål og retningsliner for open tilgang til vitskaplege artiklar.

hengelås og mynter
Illustrasjon: Shutterstock

Bakgrunn og forankring

I Noreg har det i fleire år vore forhandla fram avtalar om tilgang til litteratur på vegner av UH-institusjonar, som kan delta i avtalane gjennom konsortium. I 2019 vart dei første transformative avtalane inngått. Dei kallast òg publiser-og-les-avtalar. Avtaletypen inneber at biblioteket kun betaler éin sum som dekker adgang til både å lese og til å publisere artiklar med open tilgang utan at forskaren må betale noko ekstra, eller med ein betydeleg rabatt. Tidlegare har betaling av publiseringsgebyr (article processing charge, APC) vore separat frå abonnementskostnadene, og kostnadene kunne skremme forskarar frå å publisere.

Den økonomiske gevinsten gjer at forskarar ved deltakarinstinstitusjonane kan publisere opent i langt fleire tidsskrift enn før og bringar Noreg nærmare Plan S. Publiseringa kan skje i anten eit opent (gull) tidsskrift, eller hybrid, eller begge delar, avhengig av avtalen med det aktuelle forlaget. Slik kan ein seie at avtalane oppfyller regjeringa sine «Nasjonale mål og retningslinjer for åpen tilgang til vitenskapelige artikler».

I 2018 kom Universitets- og høgskolerådet med ei støtteerklæring der dei uttrykte tilslutnad og forventning til at Units forhandlingar med akademiske utgivarar vart gjennomførte frå eit sett felles prinsipp. 

Forhandlingsprinsippa vart stramma inn frå 2021 med støtte frå UHR og Forskningsinstituttenes Fellesarena (FFA): UHR og FFA støtter innstrammingene i Units forhandlinger med akademiske forlag.

I forhandlingane med dei akademiske utgivarane blir det lagt vekt på:

  • publikasjonar med korresponderande forfattar frå Noreg skal vere opent tilgjengelege ved publiseringstidspunktet
  • det skal ikkje inngåast avtalar som aukar totalkostnadene (forstått som «inflasjonsjustert kostnad for avtalar forut for 2018) gitt likt publiseringsvolum frå norske forskarar
  • det skal ikkje inngåast avtalar med avgrensingar på antal opne publikasjonar
  • opne tidsskrift skal inkluderast i avtalane
  • publikasjonar i lukka tidsskrift skal kunne gjerast opent tilgjengelege i vitenarkiv utan embargo
  • full openheit i lisensvilkår, kostnader og forretningsmodellar 
  • permanent tilgang til alt kjøpt innhald

Forlaga er informerte om forankringa, som har betyding for framtidige avtalar.

 

Kva for avtalar tillèt open publisering?

Oversyn over dei framforhandla avtalane som tillet open publisering. Dette oversynet, som òg ligg føre i engelsk versjon, er retta primært mot forskaren som treng informasjon om kva for avtalar hen kan publisere i, kva for titlar som er opne for det hos kvart einskild forlag, og korleis ein praktisk går fram.

Vil du undersøke om eit bestemt tidsskrift er dekka av ein av Sikt sine avtalar, kan du søke det opp i Register over vitenskapelige publiseringskanaler.

For somme av avtalane er det kvoter på kor mange artiklar som kan publiserast gratis årleg, slik at det er ikkje er eit uavgrensa tal på artiklar. Når kvota er oppbrukt, må ein anten betale APC eller finne ei anna løysing. Ein kan til dømes vente til neste år, eller prøve å få artikkelen antatt i eit anna tidsskrift eller berre velge grøn open access, dvs. eigenarkivering. Avtalane gjeld for mellom eitt og tre år om gongen. Dei reforhandlast mellom kvar avtaleperiode, slik at nye vilkår kan bli gjeldande. Det er òg viktig å merke seg at ikkje alle institusjonar er med på alle avtalar, så det er nødvendig å sjekke kva for forlag den enkelte institusjonen har avtalar med. Ved å bruke deltakarlistene for kvar einskild avtale som ligg føre i oversynet over avtalar, eller kontakte biblioteket, får ein rede på om institusjonen deltar i avtalen.

Enkelte av tittellistene frå dei enskilde forlaga viser at ein ikkje kan publisere i alle titlane hos forlaget som ein del av avtalen. Dette kallast gjerne ekskluderte titlar, og denne teksten forklarer kva som er grunnane til at somme titlar er ekskluderte.

Kva for avtalar blir forhandla?

Oversyn over alle Sikt sine konsortieavtalar finn du her. Dette oversynet er mynta på biblioteka som administrerer avtalar. I dette oversynet vil du sjå at ikkje alle avtalane er tidsskriftavtalar – somme er databasar, ordbøker og liknande. Desse er ikkje omfatta av målet om open publisering; her blir det forhandla om pris og andre lisensvilkår.

Dei nyaste avtalane som er inngått er med reine open access-forlag, og Sikt er i dialog med fleire slike. Desse avtalane gjer det enklare å publisere opent.

 

Sikts forhandlingsteam
Sikts forhandlingsteam. F.v. Tore Nilsen, Nina Karlstrøm og hovudansvarleg for forhandlingane i Sikt, Nils Andenæs. Foto: Pål Løkke.

Kven forhandlar, og med kven?

Ansvaret for forhandlingar med forlag og administrasjon av bibliotekkonsortium ligg hos eininga Lisensavtaler og åpen tilgang (LÅT) i Sikt. Tilboda frå forlaga skal analyserast i samarbeid med Sikt sitt forhandlingsutval (samansett av bibliotekarar ved universiteta i Trondheim, Oslo (UiO), Bergen og Tromsø) og evaluerast av Sikt sitt forhandlingsråd før ei avgjerd kan fattast. 

Sikt har alltid som mål å oppnå semje med forlaga.

Sikt har òg tett internasjonalt samarbeid om forhandlingane.

 

 


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter