Forhandlingar om open tilgang


Målet i Sikt sine forhandlingar med utgivarane av vitskapleg litteratur er å få på plass berekraftige avtalar i tråd med regjeringa sine Nasjonale mål og retningsliner for open tilgang til vitskaplege artiklar.

Sikts forhandlingsteam. F.v. Tore Nilsen, Nina Karlstrøm og Nils Andenæs. Foto: Pål Løken

Bakgrunn og forankring

I Noreg har det i fleire år vore forhandla fram avtalar om tilgang til litteratur på vegner av forskingsinstitusjonar, som kan delta i avtalane gjennom konsortium. 

I 2019 vart dei første transformative (publiser-og-les)-avtalane inngått. Avtaletypen inneber at biblioteket kun betaler éin sum som dekker adgang til både å lese og til å publisere artiklar med open tilgang utan at forskaren må betale noko ekstra, eller med ein betydeleg rabatt. 

Gevinsten var at forskarar ved deltakarinstinstitusjonane kunne publisere opent i langt fleire tidsskrift enn før og brakte Noreg nærmare Plan S. Slik kan ein seie at avtalane oppfylte regjeringa sine Nasjonale mål og retningslinjer for åpen tilgang til vitenskapelige artikler frå 2017.

Ein lettfatteleg artikkel om bakgrunnen for open tilgang og korleis ein forhandlar med dette som mål finn du på Sikt.no: Stø kurs mot målet om åpen tilgang.

Kven forhandlar?

Ansvaret for forhandlingar med forlag og administrasjon av bibliotekkonsortium ligg hos eininga Lisensavtaler og åpen tilgang (LÅT) i Sikt. 

Tilboda frå forlaga skal analyserast og evaluerast av Sikt sitt forhandlingsråd før ei avgjerd kan fattast. 

Forhandlingsprinsipp

Forhandlingsprinsippa vart utarbeidde i 2018 i samarbeid mellom Universitets- og høgskolerådet (UHR), Forskningsinstituttenes Fellesarena (FFA) og daverande Unit (no Sikt). Prinsippa vart reviderte i 2021, i tråd både med Plan S og med regjeringa sine mål om full open tilgang innan 2024.

Dei felles prinsippa er som følger:

  • Artiklar med korresponderande forfattarar frå Noreg skal vere opent tilgjengeleg ved publiseringstidspunktet
  • Open publisering skal ikkje auke totalkostnadene i avtalane
  • Full openheit i lisensvilkår, kostnader og forretningsmodellar
  • Permanent tilgang til innhald publisert i abonnementstidsskrift
  • Det skal visast rørsle mot avtalar der kostnader er knytt til volum på norske institusjonar si publisering

UHR: Støtteerklæring til felles strategi for forhandlinger om åpen tilgang til vitenskapelige artikler (2018, revidert 2021)

FFA: Støtteerklæring til felles strategi for forhandlinger om åpen tilgang til vitenskapelige artikler – reviderte prinsipper for forhandlinger fra 2021

Vidare forhandlingar

Meld. St. 5 Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032, kap. 8 gir retning for vidare forhandlingar:

En omlegging til umiddelbar åpen publisering i åpne tidsskrifter eller på åpne plattformer er regjeringens hovedmålsetting, og overgangsperioden med dobbel betaling for både publisering og lesing bør være så kort som mulig. For å realisere denne ambisjonen kreves innsats på flere fronter fremover. Sikt må videreføre arbeidet med kunnskapsgrunnlag for utvikling av åpen publisering og bidra med analyser av økonomien i dette. Publiser og les-avtaler vil fortsatt være et viktig virkemiddel i overgangen og muligheten for tilgjengeliggjøring via vitenarkiv må styrkes, men hovedinnsatsen må legges på å oppnå åpne publiseringskanaler som forskerne opplever som gode og meritterende.

Rapporten Strategi for norsk vitenskapelig publisering etter 2024 vart publisert i desember 2023. Han baserer seg på innspill frå mange aktørar i sektoren, og her blir det lagt fram tilrådingar for myndigheiter, finansiørar og forskingsutførende institusjoner. 

Kva for avtalar blir forhandla?

Oversyn over Sikt sine konsortieavtalar. 

Avtalane gjeld for mellom eitt og tre år om gongen. Dei reforhandlast for kvar avtaleperiode, slik at nye vilkår kan bli gjeldande. For kvar avtale avtalar finn du informasjon om avtaleperiode, slik at det kjem fram når han er klar til reforhandling. 

Hovudmålet for forhandlingane er å sikre norske forskarar open publisering gjennom tidsskriftavtalar. Likevel er ikkje alle avtalane i oversynet tidsskriftavtalar – somme er databasar, ordbøker og liknande. Desse er ikkje omfatta av målet om open publisering; her blir det forhandla om pris og andre lisensvilkår.

Dei nyaste framforhandla avtalane som er inngått, er med reine open access-forlag og ymse støtteordningar, og Sikt er i dialog med fleire leverandørar. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med Sikt lisensavtalar og open tilgang.


Share: Share to LinkedIn Share by mail