Forhandlingsrådet
Sikt forhandlar avtalar med akademiske forlag om tilgang til forskingsressursar. Dette gjerast på vegner av institusjonar i både UH-, institutt- og helsesektoren. Avtalane har eit betydeleg økonomisk omfang, og dei rører viktige strategiske og politiske val for dei tre kunnskapsssektorane.
I mandatet til Sikts forhandlingsråd står det:
Forhandlingsrådets medlemmer deltar i kraft av sin funksjon og kompetanse på vegne av hele sektoren, og skal benytte erfaringer fra egen virksomhet for å ivareta et felles sektorperspektiv. Forhandlingsrådets medlemmer skal ha ledende stillinger i sin institusjon, og dekke kunnskap om og kompetanse i sentrale forsknings- og bibliotekstrategiske spørsmål".
Representantar til nytt forhandlingsråd for perioden 2025-27 vart oppnemnt på Sikt sitt porteføljestyremøte for forskingstenester 15. oktober 2025. Samansetjinga er resultat av førespurnad frå Sikt til UHR, FFA og RHFenes strategigruppe for forsking.
| Dagmar Langeggen | Bibliotekdirektør, BI |
| Johanne Raade | Bibliotekdirektør, UiT (leiar) |
| Kyrre Lekve | Direktør, ISF |
| Maria Carme Torras-Calvo | Bibliotekdirektør, UiB |
| Randi Halveg Iversby | Bibliotekdirektør, UiO |
| Renate Grüner | Forskingsdirektør, Helse Vest RHF |
| Tanja Storsul | Prorektor FoU, OsloMet |
| Trude Eikebrokk | Leiar Kunnskapsforvaltning, SINTEF |
| [Namn kjem] | Bibliotekdirektør, NTNU |
Mandat for Sikt forhandlingsråd for forlagsavtalar frå 2023