Forhandlingsrådet


Sikt sitt råd for konsortieforhandlingar skal gi retning til dei årlege forhandlingane.

Forhandlingsrådet har som formål å gi råd og støtte for avgjerder i Sikt sitt arbeid i 
forhandlingane med forlag og kan gjelde for enkeltavtalar så vel som dei meir overordna 
strategiske måla i samband med forhandlingane. Rådet skal vedta prinsipp og 
prioriteringar for kvart års forhandlingar. Desse skal være Sikt si rettesnor når ein står overfor 
vegval i forhandlingane.

Forhandlingane skal syte for avtalar som både sikrar institusjonane sine behov for tilgang til e-
tidsskrift, databasar og e-bøker, og skal òg sikre at sektorane når eigne så vel som 
regjeringa sine mål om open tilgang til forskingsresultat.

Medlem i Forhandlingsrådet frå 2023:

  • Trude Eikebrokk, SINTEF
  • Sigurd Eriksson, NTNU
  • Åse Gornitzka, UiO
  • Dagmar Langeggen, BI
  • Kyrre Lekve, ISF
  • Johanne Raade, UiT (leiar)
  • Gro Heidi Råmunddal, Vestre Viken HF
  • Maria-Carme Torras-Calvo, UiB

Observatør: 

  • Marte Qvenild, Forskningsrådet

 

Mandat for Forhandlingsråd for forlagsavtalar frå 2022 (pdf)

 


Share: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter