Wiley
1. Generell oversikt over avtalen
Utgivar
Wiley
Type avtale
Publiser og les
Avtaleperiode
2023-24. Avtalen er reforhandla som toårig avtale i 2023. Sjå nyheitssak.
Kort om avtalen frå 2023
Avtalen med Wiley er ein "Publish & Read"-avtale med uavgrensa publisering i forlaget sine hybrid-tidsskrift.
Lesetilgang er til 2023-tidsskriftlista og med årleg oppgradering. Reine open access-tidsskrift (gull) er tatt ut av PAR-avtalen, og det er inngått ein eigen avtale for desse. Sjå meir informasjon lenger nede på sida.
Deltakarar i avtalen
Deltakarliste for inneverende år
Deltakarliste for inneverande år -- Wiley Gold
Tittelliste
Tittelliste for Wiley 2023 publiser og les
Lisensavtalen
Lisensavtale 2019-2021 mellom Unit og Wiley (pdf). Oppdatert lisens for 2023-24 kjem.
Wileys informasjon om avtalen
Open access agreement for authors at eligible Norwegian institutions
2. Publisering gjennom avtalen
Avtalen omfattar artiklar med korresponderande forfattar som har tilknyting til ein av institusjonene som er med på Sikt sin konsortieavtale (sjå deltakarliste ovanfor). Avtalen gjeld for publisering i forlaget sine hybridtidsskrift. For hybridtidsskrift er det datoen artikkelen aksepterast for publisering som vil gjelde for når den fangast opp av avtalen.
Korleis gå fram for å publisere
- Arbeidsflyt for forskaren (video)
- Open access agreement for Norwegian institutions (nettside)
CC-lisensar
Avtalen tillèt publisering med to forskjellige typar delingslisensar frå Creative Commons (CC): CC-BY og CC-BY-NC-ND. Plan S set krav om bruk av lisens både ved publisering i tilgangsopne tidsskrift og ved deponering i eit vitenarkiv. Her godtar Plan S berre ein CC-lisens. Meir forklaring finn du på denne nettsida, under avsnittet «Bruk av lisenser».
Kor mange artiklar kan den einskilde institusjon publisere?
Det er ingen avgrensingar på kor mange artiklar som kan publiserast i forlaget sine hybridtidsskrift.
Korresponderande forfattarar
«Norsk korresponderande forfattar» betyr at vedkomande er tilsett ved ein av deltakarinstitusjonane i avtalen.
Korresponderande forfattar (corresponding author) er vanlegvis forfattaren som bidrar med hovudtyngda av den intellektuelle innsatsen og som har ansvar for å følgje artikkelen fram til ferdig produkt. Vedkomande er ansvarleg for manuskriptkorreksjon, korrekturlesing, korrespondanse med forlag, handsaming av revisjonane og innlevering av reviderte manuskript fram til godkjenning.
Korresponderande forfattar melder inn denne rolla når han/ho registrerer artikkelen hos Wiley. Vedkomande vil bli godkjend når han/ho oppgjer ein av deltakarinstitusjonane som arbeidsstad.
Tidsskrift frå akademiske foreiningar
Wiley administrerer ein del titlar frå akademiske/lærde foreiningar (learned societies). Desse foreiningane eig tidsskrifta sine sjølve, og enkelte slike tidsskrift er inkludert i (blir tilbydd med) lesetilgang gjennom Wiley-pakka. Dei kan altså lesast av alle deltakarinstitusjonar. Dei lærde foreiningane sine tidsskrift er i stor grad opne for at norske forskarar kan publisere med open tilgang.
Eigenarkivering
Artiklar som er publisert ope via avtalen med ein CC-lisens kan delast fritt. Forlaget sin PDF kan lastast opp i Cristin og i institusjonelle arkiv.
Kva med norske forskarar som ikkje er knytt til ein deltakarinstitusjon?
Generelt er det inga endring for forskarar som ikkje er knytt til ein deltakarinstitusjon:
Forskarar utanfor avtalen har ikkje lesetilgang til tidsskriftpakken frå Wiley, men biblioteket kan abonnere på enkelttitlar hos forlaget. I mange høve må forskaren kjøpe enkeltartiklar eller få tilgang til artiklar via eit større bibliotek som er knytt til avtalen.
Alle norske forskarar har no som før høve til å publisere i alle Wiley sine tidsskrift. Er forskaren ikkje knytt til ein deltakarinstitusjon (eller tidsskriftet ikkje er blant dei som er omfatta av avtalen) vil det krevjast publiseringsavgift.
Plan S-kompatibilitet
Dagens avtale er ikkje kompatibel med Plan S ved at Wiley med avtalen har konvertert tidsskrifta sine til full open tilgang for alle. Wiley har likevel sagt at dei meiner å oppfylle intensjonane i Plan S, og Sikt ser på avtalen som ein overgangsavtale mot dette målet. Avtalen vil gi gode datagrunnlag til å evaluere og planleggje framtidige ordningar av denne typen.
Kva med publisering i forlaget sine gull-tidsskrift?
Dette er ein tilleggsavtale til vår gjeldande publiser og les-avtale med Wiley, som vil gi ein rabatt på APC ved publisering i gull-tidsskrifta. Tilleggsavtalen er ein såkalla 'opt-in' avtale, dvs. at den enkelte institusjon som er med på hovudavtalen kan velgje om ein ønsker å bli med på tilleggsavtalen.
Tilleggsavtalen inneber at ein får en rabatt på 15% på APC ved publisering i forlaget sine gull- tidsskrift. Dette inkluderer Hindawi-tidsskrift. Dette føreset sentral fakturering av APC til den einskilde institusjonen. Fakturering vil bli kvar månad etterskotsvis, og sendast direkte frå forlaget til institusjonen.
For dei institusjonane som blir med på denne tilleggsavtalen (sjå lenke ovanfor) vil artiklane i gull-tidsskrifta kome inn i den same arbeidsflyten som noverande hybrid-artiklar, og godkjennast i det same 'dashboard'-systemet til Wiley. Dokker vil få to konti i dashboard; ein for hybrid og ein for gull-godkjenning.
Denne tilleggsavtalen er oppretta som ein eigen avtale 'Wiley Gold OA titles'. Sidan fakturering vil være direkte frå forlaget, så er prisen i Edvarda = 0,-.
Fem tidsskrift blir konvertert frå hybrid til gull i 2023. Desse er er garantert inkludert i avtalen ut året:
Tidsskriftets tittel | Utgiver | Dato for konvertering | APC listepris (USD) |
Addiction Biology | Wiley | 12. juli 2023 | 3,150 |
Alzheimer's and Dementia | Wiley | Ultimo juli 2023 | 4,000 |
European Journal of Neurology | Wiley | 31. august 2023 | 3,600 |
PsyCH Journal | Wiley | 1. august 2023 | 1,750 |
Water Resources Research | Wiley | 12. juli 2023 | 3,000 |
Ta kontakt med Sikt for meir informasjon.
Sjå Wileys nettsider for tittelliste: Browse Fully Open Access Journals | Wiley
Kven gjer kva?
Sikt administrerer avtalen for Wiley med deltakarinstitusjonane som eit konsortium. Denne administrasjonen blir gjort på overordna nivå, altså det som gjeld medlemskap i konsortiet og fakturering.
Det einskilde bibliotek administrerer teknisk tilgang til titlane og rettleier forskarane ved sin institusjon.
Sikt og biblioteka ved UiB, UiO, NTNU og UiT (UB-BOTT) har samarbeidd om arbeidsflyten i avtalen. Wiley har utvikla eit tilpassa instrumentbord (dashboard) med tilpassingar for bibliotek og forskarar der biblioteket kan godkjenne artiklar for open publisering og ha oversikt over institusjonen si kvote, mellom anna.
Wiley har halde webinar for alle deltakarane i avtalen kor dei har gått gjennom korleis ein bruker dashboardet, og korleis dette ser ut for forfattarane. Sikt administrerer kontakten med Wiley og har ansvar for informasjon til konsortiet.
Det einskilde bibliotek administrerer andre abonnement biblioteket måtte ha med Wiley og publisering i dei av forlaget sine tidsskrift som ikkje er omfatta av avtalen.
3. Lesetilgang i avtalen
Avtalen gir lesetilgang til forlagets Full Collection.