Ikkje einigheit mellom Wiley og Sikt om ny tidsskriftavtale frå 2025


Det har dessverre ikkje lykkast å kome til semje med Wiley om ein ny publiser og les-avtale. Sikt og Sikt sitt forhandlingsråd har derfor avgjort at avtalen ikkje blir vidareført frå 2025.

Illustrasjonsbilde som viser figurer med en rød pil mellom dem
Illustrasjon: Shutterstock

English version

Forhandlingsprosessen har vart sidan våren 2024. Sikt har mottatt fleire tilbod frå Wiley, det siste rett før årsskiftet. Tilbodet inkluderte prisauke for ein publiser og les-avtale frå 2025, trass i at kravet var prisreduksjon. Forlaget har nyleg kunngjort at dette tilbodet er endeleg, og tilbodet aksepterast ikkje av Sikt og Sikt sitt forhandlingsråd. 

På vegner av deltakarinstitusjonane har Sikt forhandla med prisreduksjon som det viktigaste kravet. Avtalen har vore høgt prisa samanlikna med tilsvarande avtalar frå fleire andre forlag. Det var derfor prioritert å få prisen ned på nivå med andre avtalar. Prisreduksjon er særleg viktig i ei tid der institusjonane har anstrengt økonomi. 

Frå 2025 vil ikkje forskarar ved medlemsinstitusjonane kunne nytte avtalen for å publisere artiklar opent utan å betale publiseringsavgift. 

Avtalen om rabatt på gulltidsskrift blir heller ikkje vidareført, sidan den er er ein del av publiser og les-avtalen.

Arkivrettane held fram. Det betyr at det er lesetilgang til dei av Wiley sine tidsskrift som inngår i pakka, og for dei åra institusjonen har abonnert. Tilgang vil vere tilbake til 1997, eller frå det året tidsskriftet vart tilgjengeleg online via Wiley.

Forskarar som har spørsmål om Wiley sine tidsskrift, oppfordrast til å vende seg til institusjonsbiblioteket sitt.

I 2024 deltok 57 norske forskingsinstitusjonar i avtalen med Wiley, som gjer den til ein av dei største avtalane Sikt forhandlar. 

Alle dei andre avtalane Sikt har forhandla for perioden frå 2025 er sluttforhandla med akseptabelt resultat, slik at det berre er forhandlingane med Wiley som ikkje har ført fram.

Les meir om avtalen med Wiley for perioden fram til 2025

Sjå generell oversikt over kva det betyr når ei forhandling er på overtid eller fører til brudd

Ønsker du meir informasjon, kontakt institusjonsbiblioteket ditt eller Sikt.


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter