Wiley


Hovudavtalen er ein publiser og les-avtale, kor publiser-delen omfattar publisering i forlaget sine hybridtidsskrift. Lesedelen gir tilgang til forlagets Full Collection.

Frå 2023 er det forhandla fram ein eigen gull-avtale. Sjå punkt 4 nedanfor for informasjon om denne avtalen.

English version

 

1. Generell oversikt over avtalen

 

Utgivar
Wiley 
 

Type avtale
Publiser og les

 

Avtaleperiode
1.1.2023 - 31.12.2024

Avtalen vart reforhandla som toårig avtale i 2023. Sjå nyheitssak.

 

Deltakarar i avtalen

Deltakarliste for inneverande år 

 

Tittellister

Tittelliste Wiley hybrid 2024

 

Lisens

Administratorar ved deltakarinstitusjonane finn lisens i ConsortiaManager (Edvarda).

 

 

2. Publisering gjennom avtalen 

Avtalen gir uavgrensa publisering i forlaget sine hybridtidsskrift. Den omfattar artiklar med korresponderande forfattar som har tilknyting til ein av institusjonane som er med på Sikt sinkonsortieavtale.For hybridtidsskrift er det datoen artikkelen aksepterast for publisering som vil gjelde for når den blir fanga opp av avtalen.   

 

Korleis gå fram for å publisere 

 

CC-lisensar 

Avtalen tillètpublisering med to forskjellige typar delingslisensar frå Creative Commons (CC):CC-BYogCC-BY-NC-ND. Plan S set krav om bruk av lisens både ved publisering i tilgangsopne tidsskrift og ved deponering i eit vitenarkiv. Her godtar Plan S berre ein CC-lisens. 

 

Korresponderande forfattarar 

«Norsk korresponderande forfattar» betyr at vedkomande er tilsett ved ein av deltakarinstitusjonane i avtalen. 

Korresponderande forfattar (corresponding author) er vanlegvis forfattaren som bidrar med hovudtyngda av den intellektuelle innsatsen og som har ansvar for å følgje artikkelen fram til ferdig produkt. Vedkomande er ansvarleg for manuskriptkorreksjon, korrekturlesing, korrespondanse med forlag, handsamingav revisjonane og innlevering av reviderte manuskriptfram til godkjenning. 

Korresponderande forfattar melderinn denne rolla når hen registrerer artikkelen hos Wiley.Vedkomande vil bli godkjend når hen oppgjerein av deltakarinstitusjonane som arbeidsstad. 

 

Tidsskrift frå akademiske foreiningar 

Wiley administrerer ein del titlar frå akademiske/lærde foreiningar (learned societies). Desse foreiningane eigtidsskriftasine sjølve, og enkelte slike tidsskrift er inkludert i (blir tilbyddmed) lesetilgang gjennom Wiley-pakka. Dei kan altså lesast av alle deltakarinstitusjonar. Dei lærde foreininganesine tidsskrift er i stor grad opne for at norske forskarar kan publisere med open tilgang. 

 

Eigenarkivering 

Artiklar som er publisert ope via avtalen med ein CC-lisens kan delast fritt. Forlaget sin PDF kan lastast opp i Cristin og i institusjonelle arkiv. 

 

Kva med norske forskarar som ikkje er knytt til ein deltakarinstitusjon? 

Generelt er det ingaendringfor forskararsom ikkje er knytt til ein deltakarinstitusjon: 

Forskararutanfor avtalen har ikkje lesetilgang til tidsskriftpakken frå Wiley, men biblioteket kan abonnere på enkelttitlar hos forlaget. I mange høve må forskaren kjøpe enkeltartiklar eller få tilgang til artiklar via eit større bibliotek som er knytt til avtalen. 

Alle norske forskararhar høve til å publisere i alle Wiley sinetidsskrift. Er forskaren ikkje knytt til ein deltakarinstitusjon (eller tidsskriftet ikkje er blant dei som er omfatta av avtalen) vil detkrevjast publiseringsavgift. 

 

Plan S-kompatibilitet 

Dagens avtale er ikkje kompatibel med Plan S ved atWiley med avtalen har konvertert tidsskriftasine til full open tilgang for alle. Wiley har likevel sagt at dei meiner å oppfylle intensjonane i Plan S, og Sikt ser på avtalen som ein overgangsavtale mot dette målet. Avtalen vil gi gode datagrunnlag til å evaluere og planleggje framtidige ordningar av denne typen. 

 

Wileys informasjon om avtalen

Open access agreement for authors at eligible Norwegian institutions

 

 

3. Lesetilgang i avtalen 

Avtalen gir lesetilgang til forlagets Full Collection. Tilgangen er til 2023-tidsskriftlista og med årleg oppgradering.

 

 

4. Wiley Open (gull-avtale)

Dette er ein tilleggsavtale til den gjeldande publiser og les-avtalen med Wiley, som vil gi ein rabatt på APC ved publisering i gulltidsskrifta. Tilleggsavtalen er ein såkalla "opt-in"-avtale, dvs. at den einskilde institusjonen som er med på hovudavtalen kan velgje om ein ønsker å bli med på tilleggsavtalen.

Tilleggsavtalen inneber at ein får en rabatt på 15 % på APC ved publisering i forlaget sine gulltidsskrift. Dette inkluderer Hindawi-tidsskrift. Dette føreset sentral fakturering av APC til den einskilde institusjonen. Fakturering vil bli kvar månad etterskotsvis, og sendast direkte frå forlaget til institusjonen. 

For institusjonane som blir med på denne tilleggsavtalen, vil artiklane i gulltidsskrifta kome inn i den same arbeidsflyten som hybridartiklane og godkjennast i det same 'dashboard'-systemet til Wiley. Det vil vere to konti i dashboard; ein for hybrid og ein for gull-godkjenning. 

Fakturering vil vere direkte frå forlaget.

 

Deltakarinstitusjonar: Deltakarliste Wiley Open 2024

Tittelliste: Browse Fully Open Access Journals | Wiley

 

 

Kontakt

For forskarar: Det er den einskilde institusjonen sitt bibliotek som administrerer avtalane. Kontakt biblioteket ditt viss du har spørsmål.

For forskingsadministratorar: Meir informasjon (prisar, lisensar osv.) finn du i ConsortiaManager (Edvarda) eller ved å kontakte Sikt.  


Share: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter