Frontiers
1. Generell oversikt over avtalen
Utgivar
Frontiers
Type avtale
Publiser
Avtaleperiode
1.1.2026 - 31.12.2026
Deltakarar i avtalen
Institusjonar som deltar i avtalen 2026
Tittellister
Titlar frå Frontiers for publisering 2025. Tittelliste for 2026 er bestilt frå forlaget og vil bli publisert her.
Lisens
Administratorar ved deltakarinstitusjonane finn lisens i ConsortiaManager (Edvarda).
2. Publisering gjennom avtalen
Gjennom denne avtalen kan deltakarane publisere eit uavgrensa tal artiklar, og det gis 10 % rabatt på publiseringskostnadene. Institusjonar kan melde seg inn når som helst på året, og det er inga årleg avgift for å vere med.
Frontiers er eit reint OA-forlag, og avtalen skil seg frå andre konsortieavtalar ved at det ikkje er årleg betaling og inga fakturering via Sikt. Ein betalar berre for dei artiklane som blir publiserte. All fakturering av publiseringsavgift (APC) blir gjort direkte frå Frontiers til dei einskilde institusjonane som er med i avtalen. Ein kan velje anten samlefaktura per månad, eller fortlaupande fakturering per artikkel.
Kontakt
For forskarar: Det er den einskilde institusjonen sitt bibliotek som administrerer avtalane. Kontakt biblioteket ditt viss du har spørsmål.
For forskingsadministratorar: Meir informasjon (prisar, lisensar osv.) finn du i ConsortiaManager (Edvarda) eller ved å kontakte Sikt.