Emerald


Sikts avtale med Emerald er ikkje ein publiser og les-avtale, men tilbyr grøn open tilgang: Forfattarar frå deltakarinstitusjonane kan gratis, frå publiseringsdatoen, lagre (eigenarkivere) artikkelen som er publisert i eit Emerald-tidsskrift i institusjonen sitt arkiv og såleis gjere den tilgjengeleg.

Emeralds logo

English version

 

1. Generell oversikt over avtalen

 

Utgivar

Emerald


Type avtale

Les. Grøn publisering i Emerald sine tidsskrift.
 

Avtaleperiode

1.1.2023 - 31.12.2024

 

Deltakarar

Deltakarar 2024 med oversyn over kva for pakkar dei abonnerer på som gir lesetilgang

 

Tittelliste for inneverande periode

Tidsskrift i pakkane EM120/175/200/Premier og Subject collections

Deltakarane i avtalen har lesetilgang til tidsskrifta i pakka dei abonnerer på (sjå oversyn over pakker i fila "Deltakarar" ovf.). 

 

Lisens

Administratorar ved deltakarinstitusjonane finn lisens i ConsortiaManager (Edvarda).

 

 

2.  Publisering gjennom avtalen

 

Grøn open tilgang: Eigenarkivering av artikkel

Emerald er ikkje ein publiser og les-avtale, men tilbyr grøn open tilgang: Forfattarar frå deltakarinstitusjonane kan gratis, frå publiseringsdatoen, lagre (eigenarkivere) artikkelen som er publisert i eit Emerald-tidsskrift i institusjonen sitt arkiv og såleis gjere den tilgjengeleg. «Author accepted manuscript» gjeld, og det er versjonen av artikkelen som er sendt inn i eit tidsskrift, fagfellevurdert og akseptert for publisering, men som enno ikkje er kopiert, skrive inn eller der det har blitt har brukt andre publiseringsprosessar, som for eksempel å legge til metadata.

 

Umiddelbar open tilgang til endeleg versjon av artikkel (gull open tilgang)

Forfattarar frå deltakarinstitusjonane får 10 % rabatt på standard APC-avgifter.

 

Emeralds gjeldande Open Access-policy finn du her.

 

 

3. Lesetilgang i avtalen

Sjå lister i pkt. 1 ovf.

 

 

Kontakt

For forskarar: Det er den einskilde institusjonen sitt bibliotek som administrerer avtalane. Kontakt biblioteket ditt viss du har spørsmål.

For forskingsadministratorar: Meir informasjon (prisar, lisensar osv.) finn du i ConsortiaManager (Edvarda) eller ved å kontakte Sikt


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter