Open Library of Humanities
1. Oversyn over avtalen
- Utgivar: Open Library of Humanities
- Type avtale: Støtteordning, alle kan publisere og lese (Diamant open tilgang)
- Avtaleperiode: 1. januar 2022 –
2. Generelt om avtalen
Open Library of Humanities (OLH) er ein ideell organisasjon som har som oppgåve å publisere artiklar som skal vere opent tilgjengelege for alle. OLH har ingen aksjonærar og opererer med ein kostnadseffektiv modell. Tenesta er ikkje-kommersiell; «non profit»-basert, og alle inntekter går til å dekke kostnadene.
OLH publiserer fagfellevurderte tidsskriftartiklar under ein av Creative Commons Attribution-lisensane (vald av forfattaren), og dei vil vere gratis å lese og bruke att. Ein kan publisere i OLH Megajournal og ei rekkje andre titlar (sjå tittelliste ovf.). Det er inga avgrensing i tal på artiklar som kan publiserast, og ingen ekstra kostnader utover medlemsavgifta.
Norske forskingsinstitusjonar kan teikne medlemskap mot ei årleg avgift som dekker utgifter knytt til drift av tidsskrifta og infrastruktur.
Sjå òg nyheitssak som mellom anna forklarer avtaletypen "diamant" open tilgang: Unit har inngått to avtalar med «diamant» open tilgang
Ta kontakt med Sikt viss du eller institusjonen din ønsker meir informasjon om avtalen eller ønsker å teikne medlemskap.