Sikt tilbyr diamantavtalar


Sikt samarbeider med forskingsmiljø i Noreg og internasjonalt for å legge til rette for diamantavtalar. Hensikta er å gjere det enklare for forskingsinstitusjonane å teikne medlemskap og med det støtte gode initiativ.

Foto: Shutterstock

Fire diamantavtalar blir inngått frå 2026:

KOALA fouserer i hovudsak på kvalitetskontrollerte publikasjonar innan informatikk og realfag. I prosjektfasen var KOALA eit samarbeid mellom TIB – Leibniz Information Centre for Science and Technology og Communication, Information and Media Center ved Universitetet i Konstanz.

Open Book Collective er ei samanslutning av opne bokforlag, opne leverandørar og kunnskapsinstitusjonar, inkludert bibliotek. Ein kan støtte samlepakker eller individuelle støtteprogram som tilbydast av forlag og tenesteleverandørar for bøker med open tilgang.

Pluto Journals er ein uavhengig forleggar basert i London som eigast av den ideelle organisasjonen Pluto Educational Trust. Dei utgir 20 diamanttidsskrift innan samfunnsvitskapeleg forsking. I 2021 la dei ut heile porteføljen sin med open tilgang. Pluto har også publisert årsrapporten sin for 2024.

Public Knowledge Project (PCP) har mellom anna Open Journal Systems (OJS). Det er eit såkalt "open source system" som fritt kan lastast ned til bruk, men det er avhengig av støtte for å utvikle systemet vidare. Det brukast av universitet og andre institusjonar som publiserer tidsskrift, og speler slik sett ei viktig rolle i diamantpublisering og open publisering generelt.

Korfor diamant?

Diamant open tilgang betyr at kostnadane for publisering blir dekka av ideelle organisasjonar eller bibliotek som ikkje driv kommersiell verksemd. Både i Noreg og internasjonalt ønsker vi oss eit system der det er gratis både å lese og å publisere.

I rapporten Strategi for vitskapeleg publisering frå desember 2023, var ei av anbefalingane frå forskingsinstitusjonane å støtte opp om diamant-modellen. Dette skal skje gjennom å bidra til berekraftige finansieringsmodellar for både eksisterande publiseringskanalar og i utviklinga av ny infrastruktur.

Sikt forhandlar og administrerer 15 såkalla publiser og les-avtalar med kommersielle forlag. Denne avtaletypen har fungert tilfredsstillande, men satsingsområda framover rettar seg mot avtalar med ikkje-kommersielle utgivarar. Diamantavtalane trekkast fram som ei av fleire moglege løysningar.

Kva er status?

Frå 2026 vil Sikt inngå avtalar med dei fire utgivarane og initiativa som er nemnt ovanfor. UH-institusjonane som deltar i Sikt sine lisensavtaler er inviterte til å støtte dei med ein avtalt årleg sum. Bidraga går til styring av kollektivt finansierte plattformer. Støtte frå institusjonane er viktig for å sikre vidare drift av initiativa.

I tillegg til desse, er det to diamant-avtalar i Sikts portefølje per i dag, som fleire norske UH-institusjonar støttar:

  • Open Library of Humanities (OLH) publiserer artiklar innan humaniora gjennom OLH Megajournal og ei rekkje andre titlar.
  • SciPost er ein stiftelse som publiserer i tidsskrift innan fysikk, kjemi og astronomi.

Vil institusjonen din støtte initiativa?

Institusjonen sitt bibliotek kan logge inn i ConsortiaManager (Edvarda). Der ligg avtalesidene til dei forskjelige avtalane med meir informasjon, og der kan de melde dykk på. 

Har du spørsmål om diamantavtalar?

Kontakt lisensavtaler@sikt.no.


Del: Share to LinkedIn Share by mail