Sikt vurderer nye diamantavtalar
Fem diamantavtalar vurderast no:
KOALA fouserer i hovudsak på kvalitetskontrollerte publikasjonar innan informatikk og realfag. I prosjektfasen var KOALA eit samarbeid mellom TIB – Leibniz Information Centre for Science and Technology og Communication, Information and Media Center ved Universitetet i Konstanz.
Open Journals Collective er eit kollektiv av bibliotek og universitetsbaserte forlag. I januar 2026 planlegg dei å lansere ei samling på nokre hundre diamanttidsskrift innan humaniora og samfunnsvitskap. Ei rekke forlag har slutta seg til OJC, av dei Open Library of Humanities, som Sikt har ein avtale med.
Open Book Collective er ei samanslutning av opne bokforlag, opne leverandørar og kunnskapsinstitusjonar, inkludert bibliotek. Ein kan støtte samlepakker eller individuelle støtteprogram som tilbydast av forlag og tenesteleverandørar for bøker med open tilgang.
Pluto Journals er ein uavhengig forleggar basert i London som eigast av den ideelle organisasjonen Pluto Educational Trust. Dei utgir 20 diamanttidsskrift innan samfunnsvitskapeleg forsking. I 2021 la dei ut heile porteføljen sin med open tilgang. Pluto har også publisert årsrapporten sin for 2024.
Public Knowledge Project (PCP) har mellom anna Open Journal Systems (OJS). Det er eit såkalt "open source system" som fritt kan lastast ned til bruk, men det er avhengig av støtte for å utvikle systemet vidare. Det brukast av universitet og andre institusjonar som publiserer tidsskrift, og speler slik sett ei viktig rolle i diamantpublisering og open publisering generelt.
Korfor diamant?
Diamant open tilgang betyr at kostnadane for publisering blir dekka av ideelle organisasjonar eller bibliotek som ikkje driv kommersiell verksemd. Både i Noreg og internasjonalt ønsker vi oss eit system der det er gratis både å lese og å publisere.
I rapporten Strategi for vitskapeleg publisering frå desember 2023, var ei av anbefalingane frå forskingsinstitusjonane å støtte opp om diamant-modellen. Dette skal skje gjennom å bidra til berekraftige finansieringsmodellar for både eksisterande publiseringskanalar og i utviklinga av ny infrastruktur.
Kva er status?
Sikt forhandlar og administrerer 15 såkalla publiser og les-avtalar med kommersielle forlag. Denne avtaletypen har fungert tilfredsstillande, men satsingsområda framover rettar seg mot avtalar med ikkje-kommersielle utgivarar. Diamantavtalane trekkast fram som ei av fleire moglege løysningar.
Det er to diamant-avtalar i Sikts portefølje per i dag: Fleire norske UH-institusjonar støttar Open Library of Humanities (OLH) og SciPost gjennom konsortium der ein kan teikne medlemskap.
Kva skjer vidare?
Frå 2026 vurderer Sikt å inngå avtalar med dei fem utgivarane og initiativa som er nemnt. Da vil UH-institusjonane som deltar i Sikt sine lisensavtaler inviterast til å støtte dei med ein avtalt årleg sum. Bidraga går til styring av kollektivt finansierte plattformer. Støtte frå institusjonane er viktig for å sikre vidare drift av initiativa.
Ta kontakt dersom du kjenner til aktuelle initiativ eller utgivarar som kan eigne seg som sentralt administrerte avtalar. Det gjeld også dersom institusjonen din ønsker å støtte noverande eller moglege nye avtalar, eller dersom du har spørsmål.