Haustens forhandlingar om avtalar med open tilgang
English version: Autumn's negotiations on open access agreements
Avtalane blir forhandla for ny periode frå 2025 med den varigheita som Sikt og utgivaren blir samde om.
For dei fleste avtalane starta forhandlingane våren 2024, og Sikt har mottatt fleire tilbod. I heile prosessen er Sikt sitt forhandlingsråd, som er samansett av verksemds- og bibliotekleiarar ved forskingsinstitusjonane, involverte i forhandlingane. På bakgrunn av mandatet sitt vil dei gi tilrådingar for mottatte tilbod.
Dei viktigaste krava for å inngå avtalar er nedfelt i Forhandlingsprinsipp for avtalar med akademiske forlag.
Først når avtalane er ferdig reforhandla, vil Sikt informere om utfallet. Dette er i tråd med Offentleglova § 23. Unntak av omsyn til det offentlege sin forhandlingsposisjon m.m).
Dei bibliotekstilsette ved institusjonane som deltar i den aktuelle avtalen, vil få melding via e-post når avtalen er ferdig forhandla og overordna informasjon om utfallet. For dei største avtalane pleier Sikt òg å publisere pressemeldingar og nyheitssaker.
Openscience.no har heimeside for kvar av avtalane på norsk og engelsk, og heimesida for den aktuelle avtalen vil få oppdatert informasjon om avtalevilkår og tittel- og deltakarlister når dette ligg føre.
Sjå oversyn over avtalane her: Avtalar om open publisering.
Meir informasjon får du ved å kontakte Sikt.