The Global Sustainability Coalition for Open Science Services (SCOSS)


SCOSS er eit nettverk som bidrar til å sikre infrastruktur for open tilgang og open vitskap. Denne støtteordninga er ny som Sikt-avtale frå 2026.

English version

Generell oversikt over avtalen

Utgivar

SCOSS

Type avtale

Støtteordning

Avtaleperiode

1.1.2026-31.12.2026

Bidragsytarar SCOSS

Liste over bidragsytarar 2026

Tenester

  • African Journals Online (AJOL) er den fremste plattforma for afrikansk vitskapeleg publisering.
  • Episciences er ei plattform som er vert for diamant open tilgang-publikasjoner frå alle fagområde.
  • Make Data Count samlar inn, standardiserer og aggregerer mål på bruksdata og sitering av data.
  • SciPost er ein del av tenesta, men her ligg det føre ein eigen konsortieavtale frå Sikt i 2026: SciPost.

Les meir om tenestene: SCOSS Current Funding Calls.

Om SCOSS

SCOSS er paraplyorganisasjonen for koordinering av støtte til tenester som DOAJ, SherpaRomeo og DOAB/OAPEN.

SCOSS sitt formål er å identifisere ikkje‑kommersielle tenester som er essensielle for open vitskap, og å gi tilrådingar om kva for tenester som kan bli vurdert for finansieringsstøtte. Berre ikkje‑kommersielle tenester med usikkert/utrygt økonomisk grunnlag er støtteberettiga. 

SCOSS tilbyr rammene og strukturen for finansiering, og vurderer aktuelle kandidatar basert på eit definert sett kriterium. Dei mest eigna av dei som består evalueringa, blir presenterte for den globale OA/OS‑felleskapen av interessentar, med ei oppmoding om økonomisk støtte i ei form for «crowdfunding»-tilnærming.

Kontakt

For forskarar: Det er den einskilde institusjonen sitt bibliotek som administrerer avtalane. Kontakt biblioteket ditt viss du har spørsmål.

For forskingsadministratorar: Meir informasjon (prisar, lisensar osv.) finn du i ConsortiaManager (Edvarda) eller ved å kontakte Sikt


Del: Share to LinkedIn Share by mail