DOAJ


Avtalen er ei støtteordning for bidrag til drifta av Directory of Open Access Journals (DOAJ).

English version

Generell oversikt over avtalen

Initiativ 

Directory of Open Access Journals (DOAJ) ved DOAJ Fonden 

Type avtale

Støtteordning

Avtaleperiode

01.01.24-31.12.26

Bidragsytarar for DOAJ

Liste over bidragsytarar 2026

Om DOAJ

DOAJ er ein omfattande indeks over ulike opne tidsskrift frå heile verda. Initiativet blir drive og administrert av DOAJ Foundation, som er ei dansk, ideell stifting styrt av fellesskapet.

Oppdraget er å auke synlegheit, tilgjenge, omdøme, bruk og gjennomslagskraft for kvalitetsvurderte, fagfellevurderte, opne vitskaplege tidsskrift globalt, uavhengig av fagområde, geografi eller språk.

DOAJ er forplikta til å vere 100 % uavhengig og til å halde alle primærtenester og all metadata ope tilgjengeleg for alle.

Over 80 % av finansieringa kjem frå akademiske organisasjonar (bibliotek, bibliotekkonsortium, universitet og forskingssenter) over heile verda. Sikts lisensavtale koordinerer denne støtta for Noreg, og bidragsytarane er òg oppgjevne på heimesida til DOAJ.

Kontakt

For forskarar: Det er den einskilde institusjonen sitt bibliotek som administrerer avtalane. Kontakt biblioteket ditt viss du har spørsmål.

For forskingsadministratorar: Meir informasjon (prisar, lisensar osv.) finn du i ConsortiaManager (Edvarda) eller ved å kontakte Sikt


Del: Share to LinkedIn Share by mail