DOAJ
Generell oversikt over avtalen
Initiativ
Directory of Open Access Journals (DOAJ) ved DOAJ Fonden
Type avtale
Støtteordning
Avtaleperiode
01.01.24-31.12.26
Bidragsytarar for DOAJ
Om DOAJ
DOAJ er ein omfattande indeks over ulike opne tidsskrift frå heile verda. Initiativet blir drive og administrert av DOAJ Foundation, som er ei dansk, ideell stifting styrt av fellesskapet.
Oppdraget er å auke synlegheit, tilgjenge, omdøme, bruk og gjennomslagskraft for kvalitetsvurderte, fagfellevurderte, opne vitskaplege tidsskrift globalt, uavhengig av fagområde, geografi eller språk.
DOAJ er forplikta til å vere 100 % uavhengig og til å halde alle primærtenester og all metadata ope tilgjengeleg for alle.
Over 80 % av finansieringa kjem frå akademiske organisasjonar (bibliotek, bibliotekkonsortium, universitet og forskingssenter) over heile verda. Sikts lisensavtale koordinerer denne støtta for Noreg, og bidragsytarane er òg oppgjevne på heimesida til DOAJ.
Kontakt
For forskarar: Det er den einskilde institusjonen sitt bibliotek som administrerer avtalane. Kontakt biblioteket ditt viss du har spørsmål.
For forskingsadministratorar: Meir informasjon (prisar, lisensar osv.) finn du i ConsortiaManager (Edvarda) eller ved å kontakte Sikt.