Vellykka forhandlingar med Elsevier
I 2019 var Noreg det første landet som gjekk i partnarskap med Elsevier om ein pilotavtale som gjorde det mogleg for norske forskarar å publisere opent (open access) i dei aller fleste av forlaget sine tidsskrift.
No held avtalen fram i tre år frå 2022, med enda betre vilkår enn tidlegare. Det betyr mellom anna uavgrensa open publisering i forlaget sine hybridtidsskrift og rabatt på publisering i gulltidsskrifta. Det er open publisering i Cell Press-titlane for alle deltakarinstitusjonar. Lesetilgang er sikra, til rundt 2260 tidsskrift.
«Vi er glade for at det er forhandla fram ein god avtale med Elsevier og trygge på at forhandlingsresultatet vil kome norske forskingsinstitusjonar til gode. No kan institusjonane publisere enda meir opent enn tidlegare», seier Roar Olsen, direktør i Sikt.
Forhandlingane er gjennomførte i nært samarbeid med ei forhandlingsgruppe samansett av rektoratrepresentantar, forskings- og bibliotekleiarar og andre tilsette ved norske forskingsinstitusjonar.
«Norske forskarar har gjennomgåande høg publisering i Elsevier sine tidsskrift. Vi er glade for at den nye avtalen gir handlingsrom for meir open publisering. Vi ser på denne avtalen som enda eit steg i riktig retning, men vi er framleis i ein overgangsfase og held fram med å arbeide for ei berekraftig open publisering», seier rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen som leidde forhandlingsgruppa.
Sikt arbeider no med påmelding i avtalen og informasjon til biblioteka. I 2021 var det 48 institusjonar som deltok i avtalen, slik at det er svært mange norske forskarar som har glede av lesing og publisering i Elsevier sine tidsskrift.
Meir informasjon om avtalen kan rettast til Sikt eller biblioteket ved deltakarinstitusjonane.