Open Library of Humanities lanserer sju nye tidsskrift


Fleire norske UH-institusjonar støttar Open Library of Humanities (OLH) gjennom eit Sikt-konsortium der ein kan teikne medlemskap. Medlemskapet betaler ikkje for APC og heller ikkje for abonnement. Dette er altså ein "diamant"-modell.

Illustrasjon: Open Library of Humanities

No har OLH lansert sju nye tidsskrift takka vere støtta dei har fått. Bidraga går til styring av ein kollektivt finansiert plattform.

Sjå OLH sin nyheitssak: OLH launches 7 new journals.

 

Sikt har konsortium for to diamantutgivarar: OLH og SciPost. I samband med at desse avtalane vart teikna, vart det publisert ein nyhetssak som presenterer utgivarane og forklarar modellen: Sikt har inngått to avtalar med «diamant» open tilgang.

Sikt prioriterer å gå inn i fleire avtalar med ikkje-kommersielle utgivarar. Ta kontakt dersom du har ønske om avtalar med aktuelle utgivarar, ønsker å støtte dei noverande, eller om du har spørsmål.  


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter