DOAB og OAPEN
Generell oversikt over avtalen
Initiativar
Type avtale
Støtteordning
Avtaleperiode
01.01.2026-31.12.2026
Bidragsytarar for DOAB og OAPEN
Om tenestene
DOAB (Directory of Open Access Books) og OAPEN (Open Access Publishing in European Networks) er begge viktige tenester for infrastrukturen rundt open tilgang.
Begge tenestene er ein del av SCOSS-samarbeidet, som bl.a. også omfattar DOAJ og SHERPA/ROMEO. Vi har òg konsortieavtalar for desse.
DOAB gir ein god oversikt over fagfellevurderte bøker med open tilgang og forlag som tilbyr opne bøker.
OAPEN er eit arkiv for fritt tilgjengelege akademiske bøker. Dei samarbeider med forlag og forskingsfinansiørar for å bygge opp ei kvalitetssikra samling med opne bøker.
Kontakt
For forskarar: Det er den einskilde institusjonen sitt bibliotek som administrerer avtalane. Kontakt biblioteket ditt viss du har spørsmål.
For forskingsadministratorar: Meir informasjon (prisar, lisensar osv.) finn du i ConsortiaManager (Edvarda) eller ved å kontakte Sikt.