Røvartidsskrift (predatory journals)
Det har etter kvart vorte vanleg å betale for å få publisere i opne tidsskrift, som eit alternativ til å måtte betale for å få lese det som har vorte publisert. Svindlarar utnyttar denne publiseringsmetoden for å tene pengar. Det gjer dei ved å opprette falske tidsskrift, der dei tar seg godt betalt for å publisere artiklar. Artiklane blir ikkje korrekturleste eller fagfellevurderte, og forskaren kan tape både pengar og omdøme. Dette har ført til ei misoppfatning blant ein del forskarar om at all open publisering er av dårleg kvalitet.
Her er tips for å finne informasjon om kva som er seriøse tidsskrift:
- HK-dirs Register over vitskapelege publiseringskanalar (Kanalregisteret) gir eit oversyn over godkjente publiseringskanalar på nivå 1 eller 2. Kanalregisteret gir òg eit oversyn over tidsskrift som er registrerte i Directory of Open Access Journals (DOAJ).
- Directory of Open Access Journals (DOAJ) er eit register over opne, kvalitetssikra tidsskrift og utgivarar. For å bli indeksert i DOAJ, krevst det ein søknadsprosess kor tidsskriftet eller utgivaren demonstrerer at dei er seriøse og har gode rutinar for m.a. fagfellevurdering. Det er verdt å merke seg at DOAJ ikkje berre legg til tidsskrift, men fjernar også tidsskrift som ikkje lenger oppfyller krava til openheit og god publiseringspraksis. Dei siste åra har fleire titals tidsskrift blitt avindekserte, mellom anna nokre som norske forskarar har publisert i. Å vere registrert i DOAJ er derfor ikkje ei éin gong for alle-godkjenning, og det kan vere lurt å sjekke status jamleg – særleg fordi DOAJ-registrering ofte er eit vilkår for å få dekt publiseringsavgift frå institusjonelle publiseringsfond.
- Nettsida Think. Check. Submit. kan òg anbefalast. Her er ein grei oversikt over kriterium som kan brukast for å avgjere om tidsskriftet eller utgivaren er seriøs. Mange useriøse aktørar driv med aggressiv marknadsføring. Viss tilbudet verker for godt til å vere sant, så er det gjerne det.
- Cabells Predatory Reports er ei betalt teneste som er mykje brukt av forskingsinstitusjonar internasjonalt. Ho listar useriøse tidsskrift basert på ei rekke kvalitetskriterium.
- Retraction Watch Database gir oversikt over tilbaketrekte artiklar, noko som ofte heng saman med publisering i useriøse tidsskrift.
Useriøse tidsskrift kan òg vere spesielt sårbare for såkalla «paper mills», altså kommersielle aktørar som produserer og sel fabrikkerte forskingsartiklar. Dette skjer i aukande grad ved hjelp av generativ KI. Les meir hos Nature.
Falske konferansar
Det har også dukka opp tilfelle av falske konferansar. Før ein melder seg på og betaler ei konferanseavgift, er det lurt å sjekke om det er ein konferanse som har funne stad før, og om han har eit godt rykte. Viss det er første gong konferansen haldast, sjekk om organisasjonen som arrangerer er kjent og påliteleg, undersøk lokalane der konferansen skal haldast; er det nok plass? Kan kontaktpersonar for lokalane eller vertsorganisasjonen stadfeste at konferansen skal finne sted og at lokala er booka? Kven skal halde innlegg og presentasjonar – er det personar som faktisk finst og som er anerkjende fagfolk?
Nettsida Think. Check. Attend. gir råd om potensielt falske konferansar.
Tekst: Open Science Toolbox/Sikt
Lisensiert med CC0