Røvartidsskrift (predatory journals)
Det har etter kvart vorte vanleg å betale for å få publisere i opne tidsskrift, som eit alternativ til å måtte betale for å få lese det som har vorte publisert. Svindlarar utnyttar denne publiseringsmetoden for å tene pengar. Det gjer dei ved å opprette falske tidsskrift, der dei tar seg godt betalt for å publisere artiklar. Artiklane blir ikkje korrekturleste eller fagfellevurderte, og forskaren kan tape både pengar og omdøme. Dette har ført til ei misoppfatning blant ein del forskarar om at all open publisering er av dårleg kvalitet.
Her er tips for å finne informasjon om kva som er seriøse tidsskrift.
HK-dirs Register over vitskapelege publiseringskanalar (Kanalregisteret) gir eit oversyn over godkjente publiseringskanalar på nivå 1 eller 2. NSD gir òg eit oversyn over tidsskrift som er registrerte i Directory of Open Access Journals (DOAJ). DOAJ er eit register over opne, kvalitetssikra tidsskrift og utgivarar. For å bli indeksert i DOAJ, krevst det ein søknadsprosess kor tidsskriftet eller utgivaren demonstrerer at dei er seriøse og har gode rutinar for m.a. fagfellevurdering. Det er over 14 000 registrerte tidsskrift i DOAJ.
Nettsida Think. Check. Submit. kan òg anbefalast. Her er ein grei oversikt over kriterium som kan brukast for å avgjere om tidsskriftet eller utgivaren er seriøs. Mange useriøse aktørar driv med aggressiv marknadsføring. Viss tilbudet verker for godt til å vere sant, så er det gjerne det.
Falske konferansar
Det har også dukka opp tilfelle av falske konferansar. Før ein melder seg på og betaler ei konferanseavgift, er det lurt å sjekke om det er ein konferanse som har funne sted før, og om han har eit godt rykte. Viss det er første gong konferansen haldast, sjekk om organisasjonen som arrangerer er kjent og påliteleg, undersøk lokalane der konferansen skal haldast; er det nok plass? Kan kontaktpersonar for lokalane eller vertsorganisasjonen stadfeste at konferansen skal finne sted og at lokala er booka? Kven skal halde innlegg og presentasjonar – er det personar som faktisk finst og som er anerkjende fagfolk?
Nettsida Think. Check. Attend. gir råd om potensielt falske konferansar.
Tekst: Open Science Toolbox/Sikt