Møte om lisensrapport og vegen vidare for arbeidet rundt open tilgang


Først publisert 28. januar 2020

Illustrasjon frå Creative Commons Norge. Ikkje bearbeidd. Tilgjengeleg under CC BY 4.0 lisens.

21. januar 2020 inviterte Unit til eit møte for å få innspel til rapporten Rettigheits- og lisensspørsmål ved open publisering.

Møtet hadde òg som formål å orientere om status for open norsk publisering og få innspel til korleis ein kan oppfylle målet om full tilgang til vitskaplege artiklar innan 2024.

Siktemålet for møtet var å opne for innspel til lisensrapporten, som blir overlevert Kunnskapsdepartementet før påske.

Rettigheits- og lisensspørsmål ved open publisering

Rett før jul 2019 kom rapporten "Rettighets- og lisensspørsmål ved åpen publisering", skriven av førsteamanuensis Torger Kielland ved det juridiske fakultetet, UiB. Rapporten tar føre seg forholda knytt til bruk av Creative Commons-lisensar, særleg i høve til norsk opphavsrett, vidare bruk av forskingsartiklar i kommersiell samanheng og i kva grad endringar av verket bør vere tillate.

21. januar 2020 inviterte Unit til eit møte for å få innspel til rapporten. Inviterte til møtet var bibliotekleiarar og rektorar ved ei rekkje institusjonar, representantar frå Universitets- og høgskolerådet, Forskingsrådet, Kunnskapsdepartementet, akademiske utgivarar, fag- og interesseforeiningar samt eit knippe ressurspersonar innan feltet. Siktemålet for møtet var å få innspel til rapporten før han blir overlevert Kunnskapsdepartementet før påske.

Rapporten vart presentert av forfattaren. Kielland peika mellom anna på at den mest liberale lisensen (som Plan S tilrår), CC BY, kan vere i strid med opphavsretten og problematisk i høve til den akademiske fridomen. Dette tok òg Khrono opp i ein artikkel 19. januar.

Mandatet omfatta òg handsaming av spørsmål knytt til datasett, men grunna tidsnaud vart ikkje dette inkludert i rapporten.

Når det gjeld den faktiske bruken av dei forskjellige CC-lisensane, har Unit laga et oversyn over dette for norske opne publikasjonar. Med atterhald for at dette er førebelse tal: Av alle vitskaplege publikasjonar i 2019 var 47,7 % av artiklane opne. Med utgangspunkt i alle publikasjonar 2019 var CC-BY den mest brukte av CC-lisensane, der 30,3 % hadde valt denne mest opne lisenstypen. Det er ei auke frå 2018 og 2017, der tala var høvesvis 24,5 % og 20,3 %.

 

Informasjon om dei forskjellige CC-lisensane finn du på https://www.openaccess.no/lisensar/

Dag Rune Olsen, som er rektor ved UiB, representerte UHR i denne samanhengen. Han viste til det Universitets- og høyskoleloven seier om fagleg fridom og ansvar (§ 1-5), og at rapporten gjer synleg spennet mellom pålegg om korleis forskaren skal publisere og hennar vitskaplege fridom. Det er nødvendig å starte diskusjonen med forskarane for å få endra insentiv og kultur ved institusjonen, heller enn innskrenking av UH-loven.

Kenneth Ruud, som er prorektor og professor i teoretisk kjemi ved UiT, hadde fleire innspel til rapporten. Han peikte mellom anna på problemet ved at den ikkje tar nok omsyn til publiseringstradisjonar utanfor humaniora og samfunnsvitskap. Ruud vart intervjua om synspunkta sine til rapporten i Khrono 27. januar.

OsloMet sin bibliotekdirektør Lars Egeland har forfatta eit fyldig blogginnlegg om kva som vart diskutert på møtet.

 

Status for arbeidet med open tilgang og vegen vidare

Nina Karlstrøm, Unit

Korleis kan ein arbeide vidare for å nå regjeringa sitt mål om full open tilgang innan 2024?

Nina Karlstrøm, som er seksjonssjef for Lisensavtalar og open tilgang (LÅT) i Unit presenterte arbeidet som har blitt gjort i høve til forhandlingane med dei fire største forlaga; Elsevier, Springer, Taylor & Francis og Wiley. Desse fire forlaga utgjer helvta av all verdas vitskapelege publisering. Avtalane vart vurderte i høve til Units prinsipp for forhandlingsresultat som er støtta av UHR.

Generelt viser tala ei auke i OA-publikasjonar per år i Noreg. Av førebelse tal for 2019 var 47,7 % av vitskaplege artiklar opne, mot 33 % i 2017.

Vidar Røeggen frå UHR presenterte tal frå det såkalla Kanalregisteret som viser at i dei fire store avtalane er 41 % av tidsskrifta opne på nivå 2. På nivå 1 er talet 37 %, som utgjer 55 % av alle publikasjonar frå norske forskarar. Like fullt er det berre ni norske institusjonar som er med i alle dei fire avtalane, og desse er sjølvsagt dei største UH-institusjonane. Derfor er særleg mindre institusjonar interesserte i avtalar som lettare kan inkludere publisering frå deira side. Dette vart òg påpeikt i ein artikkel i Khrono, også han frå 19. januar. Unit arbeider med å sjå på denne problemstillinga, og vil halde dialogen med forlaga og institusjonane i denne prosessen.


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter