Evalueringsrapport for openscience.no


Ein evalueringsrapport for nettstaden openscience.no er ferdigstilt. Rapporten viser og tolkar trafikk på nettstaden for 2023 samt resultata frå ei kvalitativ evalueringsundersøking som vart gjennomført seinhaustes 2023.

Foto: Shutterstock

Undersøkinga var open for alle brukarar av nettstaden, men to grupper med moglege brukarar, særleg innan UH- og instituttsektoren, vart kontakta via e-post med invitasjon til å delta. Det kom 42 svar innan fristen.

Trafikken på nettstaden, målt via Matomo, tyder på ei brukargruppe som arbeider med open forsking profesjonelt: Dei fleste søker emne som er til hjelp i det daglege arbeidet, og talet for besøk direkte er relativt sett svært høgt. Nettsider med informasjon om Sikt sine lisensavtalar samt arrangement og nyheitssaker er best besøkt.

Spørjeundersøkinga baserte seg på Nettskjema. Det som vart trekt fram som positivt, er at respondentane ville anbefalt nettstaden til ein kollega eller samarbeidspartnar, etterfølgt av at det er enkelt å kommunisere med redaksjonen. Nettstaden gir eit godt inntrykk av Sikt. Vidare er sidene oversiktlege, med passe mengd informasjon – og informasjonen ser ut til å vere korrekt. Det som blir trekt fram som negativt er først og fremst knytt til dei engelske nettsidene der det saknast meir informasjon, etterfølgt av oppdateringar og tittellister på nettsidene om publiser og les-avtalar.

Rapporten presenterer resultata og viser kva tiltak som er planlagde og sett i verk på grunnlag av dei.

Utviklinga av bruk av openscience.no målt gjennom Matomo vil vere viktig framover og vil bli følgd opp når vi etter kvart får betre talmateriale. I tillegg tar vi sikte på å publisere ei tilsvarande brukarundersøking som rapporten byggjer på, haust/vinter 2024.

 

Les rapporten: Evaluering av openscience.no


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter