Evaluering av openscience.no 2024


Det er eitt år sidan Sikt inviterte til ei første evaluering av openscience.no. No ønsker vi å sjå om vi er på rett veg og håper at du kan hjelpe oss ved å svare på eit nettskjema.

Illustrasjon: Shutterstock

Sikt er ansvarleg for nettstaden openscience.no, som har vore verksam sidan juli 2021. For å utvikle nettstaden vidare ønsker vi tilbakemeldingar på korleis han brukast, kva brukarane er nøgde med og kva det burde vore meir, eller betre, informasjon om.

Nettstaden vart evaluert for første gong i oktober 2023, og det vart skrive ein rapport på bakgrunn av resultata.

No vil vi gjerne vite om vi er på rett veg med arbeidet vi har gjort, på grunnlag av tilbakemeldingane vi fekk i fjor. Det vil derfor vere til stor hjelp om du kunne svare på eit nettskjema. 

Vi har forsøkt å gjere skjemaet så enkelt og kortfatta som mogleg, og du vil vere anonym. For å ha best mogleg samanlikningsgrunnlag er skjemaet identisk med fjoråret sitt. 

Vi er takksame for evaluering både frå dei som svarte i fjor og dei som svarer for første gong i år.

Svarfrist er 11. november 2024.

Gå til nettskjema: Evaluering av openscience.no 2024


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter