Open Access Week: Berekraftig publisering etter 2024
Alle presentasjonane er tilgjengelege i Zenodo: Open Access Week 2023 Norway
Webinar 23. oktober 2023, kl. 10:00-11:30: Berekraftig publisering etter 2024
Denne hausten har Utkast til strategi for norsk vitenskapelig publisering etter 2024 vore ute til høyring. Strategien skildrar tilrådingar til både forskarar, forskingsutførande institusjonar, forskingsfinansiørar og myndigheiter.
I dette seminaret inviterer vi ein av dei som har utarbeidd strategien, Vidar Røeggen frå Universitets- og Høgskolerådet, til å fortelje om arbeidet med rapporten, innspel som har komme inn og korleis han ser for seg det framtidige publiseringslandskapet. Deretter går ordet til Alexander Jensenius (UiO, NOR-CAM), Johanne Raade (UiT) og Marte Qvenild (NFR), til å diskutere korleis dei ser framtida for open publisering etter 2024, frå perspektivet til ein forskar, institusjon og finansiør, høvesvis. Ser dei andre utfordringar enn dei som er forsøkt møtt i den nye strategien?
Arrangementet er planlagt på norsk og vil bli strømma.
Deltakarar:
- Vidar Røeggen, Seniorrågjevar Universitets- og Høgskolerådet
- Marte Qvenild, Spesialrådgjevar Noregs Forskingsråd
- Johanne Raade, Bibliotekdirektør Universitetet i Tromsø
- Alexander Jensenius, Forskar ved Universitetet i Oslo, del av arbeidsgruppe for NOR-CAM
Førebels program:
10.00-10.05: Velkommen
10.05-10.20: Korleis ønskjer vi norsk vitskapeleg publisering skal foregå etter 2024? – Vidar Røeggen
10.20-10.35: Forskarperspektivet – Alexander Jensenius
10.35-10.50: Institusjonsperspektivet – Johanne Raade
10.50-11.05: Finansiørperspektivet – Marte Qvenild
11.05-11.30: Open diskusjon
Arrangementsgruppe:
Marta Eide (UiB)
Tormod Eismann Strømme (UiB)
Karin Sofie Ytterlid (UiO)
Linda Johnsen (UiS)
Therese Skarås Skagen (HVL)
Toralf Moan Teigen (HVL)