Open Access Week: Bærekraftig publisering etter 2024


23. til 29. oktober 2023 arrangerast International Open Access Week. Temaet i år er "Community over Commercialism”. Fleire forskingsorganisasjonar, både norske og utanlandske, har planlagt mange nettbaserte arrangement.

Open Access Week 2023. Kilde: https://www.openaccessweek.org/resources

Tid: 23. oktober 2023, kl. 10:00-11:30
 
Zoom-lenke: https://uib.zoom.us/j/64611771104?pwd=WjRCSWJWRzFXVnVlc21ndHBEZkE1dz09 


Denne hausten har Utkast til strategi for norsk vitenskapelig publisering etter 2024 vore ute til høyring. Strategien skildrar tilrådingar til både forskarar, forskingsutførande institusjonar, forskingsfinansiørar og myndigheiter.

I dette seminaret inviterer vi ein av dei som har utarbeidd strategien, Vidar Røeggen frå Universitets- og Høgskolerådet, til å fortelje om arbeidet med rapporten, eventuelle innspel som har komme inn og korleis han ser for seg det framtidige publiseringslandskapet. Deretter går ordet til Alexander Jensenius (UiO, NOR-CAM), Johanne Raade (UiT) og Marte Qvenild (NFR), til å diskutere korleis dei ser framtida for open publisering etter 2024, frå perspektivet til ein forskar, institusjon og finansiør, høvesvis. Ser dei andre utfordringar enn dei som er forsøkt møtt i den nye strategien?
 
Arrangementet er planlagt på norsk og vil bli strømma. 

Deltakarar:

  • Vidar Røeggen, Seniorrågjevar Universitets- og Høgskolerådet
  • Marte Qvenild, Spesialrådgjevar Noregs Forskingsråd
  • Johanne Raade, Bibliotekdirektør Universitetet i Tromsø
  • Alexander Jensenius, Forskar ved Universitetet i Oslo, del av arbeidsgruppe for NOR-CAM

Førebels program:
10.00-10.05: Velkommen
10.05-10.20: Korleis ønskjer vi norsk vitenskapelig publisering skal foregå etter 2024? Vidar Røeggen
10.20-10.35: Forskarperspektivet Alexander Jensenius
10.35-10.50: Institusjonsperspektivet Johanne Raade
10.50-11.05: Finansiørperspektivet Marte Qvenild
11.05-11.30: Open diskusjon

Arrangementsgruppe:
Marta Eide (UiB)
Tormod Eismann Strømme (UiB)
Karin Sofie Ytterlid (UiO)
Linda Johnsen (UiS)
Therese Skarås Skagen (HVL)
Toralf Moan Teigen (HVL)
 


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter