University of Technology Sydney (UTS)
Open publisering og forlagsverksemd ved UTS
UTS driv eit eige opent forlag, UTS ePRESS. Forlaget gir ut fleire tidsskrift med open tilgang, både fagfellevurderte og studenttidsskrift, i tillegg til bøker og konferansepapers. Dei bruker plattforma Open Journal Systems (OJS), som er basert på open kjeldekode, i samarbeid med Ubiquity Press, som hjelper universitetet med publisering. Artiklar og bøker er også tilgjengelege i HTML-format, med tanke på maskinlesbarheit, og alle utgivingane er i samsvar med COPE.
UTS har også eit eige vitenarkiv, kalla OPUS. Her eigenarkiverast dei tilsette sine publikasjonar for å ivareta grøn open tilgang, som beskrive i UTS sin Open Access Policy, i tillegg til arkivering av grålitteratur.
Støtte til datahandtering ved UTS
Biblioteket ved UTS har fleire tenester og verktøy knytt til handtering av forskingsdata. Forskarstøtta ved biblioteket er organisert i «faculty teams» som har kontakt ut mot fagmiljøa, i tillegg til eit sentralt «Research Data Team» med spesialisert kompetanse knytt til forskingsdata. Biblioteket har tett samarbeid med IT-avdelinga eResearch om verktøy og tenester knytt til handtering av forskingsdata. I tillegg har UTS ei sentral styringsgruppe for RDM (Research Data Management) som er viktig kontaktpunkt for alle relevante partar på universitetet.
UTS Library vektlegg arbeidsflyt og integrerte verktøy som er tilpassa forskarane sine arbeidsprosessar som viktig for å legge til rettes for god datahandtering og deling av data. Spesielt for UTS er verktøyet Stash. Dette blir i første fase brukt til å sette opp ein DMP, og utfylling om løysingar for innsamling og lagring av data brukast som utgangspunkt for å søke om og få oppretta arbeidsområde frå IT-avdelinga, som koplast opp til Stash. Stash kan brukast for å organisere og handtere data i laupet av prosjektet, og det er mogleg å opprette «data records» med metadata som beskriv datasett. Dette kan brukast både for å styre tilgang og ha oversikt undervegs, men gjer det også enklare og meir hensiktsmessig å arkivere data (på UTS-servere via Stash) fram til dei skal slettast, og eventuelt publiserast i UTS Research Data portal eller andre opne dataarkiv som Research Data Australia.
I tillegg bidrar UTS Library til å drifte eit arkiv kalla ATSIDA som forvaltar forskingsdata knytt til australske urfolk.
Biblioteket plar òg å vere med på å markere arrangementet Research Bazaar (blir gjerne forkorta til «RezBaz», på norsk «forskingsbasar»). Kvart år blir det arrangert RezBaz på ei rekke universitet i Australia, New Zealand, USA og Norge, kor det i løpet av nokre dagar blir halde ei rekke kurs og workshops i Library Carpentry.
Ei meir inngåande og detaljert beskriving av University of Technology Sydney samt organisering og finansiering av forsking i Australia og New Zealand er tilgjengeleg i denne oppsummeringa frå studietur.
Tekst: Open Science Toolbox/Unit 2021