University of Otago
Forskarstøtte ved University of Otago Library
Biblioteket ved University of Otago har oppretta eit eige «Research Support Unit», som består av tre spesialistar i eit sentralt team. Gruppa er organisert under biblioteket si avdeling for «Information Services» og hjelper forskarar og prosjekt med å handtere alle aspekt ved forskingsdata, samt bibliometriske tenester. Dei arbeider også mykje prosjektbasert inn mot forskingsmiljøa og basert på konkrete førespurnader og behov. Det sentrale teamet sørger også for kompetansebygging og opplæring av fagreferentar (subject librarians), og desse har kontakt ut mot fagmiljøa på fakultetet og instituttet.
Blant tenestene innan forskingsdata har University of Otago eit eigenutvikla datahandteringsplanverktøy. Biblioteket bruker LibGuides for å formidle informasjon om datahandtering, og tilbyr også ulike kurs og workshopar, for eksempel Carpentries. Biblioteket er i stadig dialog med IT om tenester, kurs og tilbod. For eksempel er det slik at IT og biblioteket begge underviser i EndNote. Dei tilsette opplever at dette er eit kompletterande meir enn et konkurrerande tilbod, med ulike innfallsvinklar og fokus.
Eit av initiativa som biblioteket bidrar til er digital humaniora (Digital Humanities). Biblioteket har ei viktig rolle som fasilitator, for å knyte folk saman, formidle vidare og gi rettleiing, tips og råd om verktøy. Det arrangerast jamleg kurs og seminar, og målet er å bygge eit aktivt miljø innan digital humaniora med ulike typar aktivitetar og prosjekt, slik at det blir eit levedyktig «community of practice».
Open publisering ved University of Otago
University of Otago jobbar aktivt med open publisering, og har ein eigen «Open Access-copyrightmanager». Universitetet har ein klar policy for open publisering, med retningsliner og eksempel på beste praksis for publisering. I tillegg tilbyr dei tenester innan bibliometri, det å utforske verktøy og kompetansehevande tiltak.
Ei meir inngåande og detaljert beskriving av University of Otago samt organisering og finansiering av forsking i Australia og New Zealand er tilgjengeleg i denne oppsummeringa frå studietur.
Tekst: Open Science Toolbox/Unit 2021