Universitetet i Stavanger (UiS)


Universitetet i Stavanger har rundt 12000 studentar og 1600 tilsette. UiS begynte å jobbe med open tilgang i 2008, med opprettinga av eit institusjonelt arkiv for publikasjonar (Brage). I 2012 vart det oppretta ein policy for open tilgang.

Publisering med open tilgang (open access)

Arbeidet med open tilgang vart først nedfelt i ein policy i 2012, og policyen har vorte oppdatert fleire gongar. I 2020 vart det vedtatt ein open forsking-policy samt retningslinjer for handtering av forskingsdata. Open tilgang og datahandtering er også viktige moment i universitetsbiblioteket sin strategiplan.

I den oppdaterte policyen er det lagt vekt på Plan S og korleis krava kan oppfyllast. Arbeidet blir leidd av universitetsbiblioteket, men tanken er at det skal setjast ned ei ny tverrfagleg gruppe som kan fortsette å vidareutvikle arbeidet og tilbodet. Både gull og grøn open tilgang er viktig for å nå målet om full og straks tilgang til all forskingslitteratur. For grøn open tilgang bruker UiS Brage.

Universitetsbiblioteket administrerer også Open Journal Systems (OJS) og Open Monograph Press (OMP), plattformer som gjer det enkelt å etablere nye, opne utgivingar samt å konvertere etablerte tidsskrift og skriftseriar til opne utgivingar.

Forskingsdata

Våren 2020 vart det vedtatt en meir heilskapleg policy for open forsking. Med dette vart det introdusert retningslinjer for handtering av forskingsdata. Retningslinjene vart utarbeidd av ei tverrfagleg gruppe med representantar frå biblioteket, forskings- og innovasjonsavdelinga, fakulteta og IT-avdelinga. Det overordna prinsippet er i samsvar med Forskingsrådet og EU, og fastslår at forskingsdata skal vere opne som standard, eller «så opne som mogleg, så lukka som nødvendig».

For å kunne tilby ei eigna arkivløysing for opne data, har UiS inngått ein avtale med UiT Norges arktiske universitet, om DataverseNo. DataverseNo er eit tverrfagleg arkiv som kan brukast til opne data frå alle disiplinar, men det er også mogleg å bruke ei fagspesifikk arkivløysing. Biblioteket vil uansett hjelpe til med kuratering av dataa slik at de blir mest mogleg FAIR.
Biblioteket tilbyr også hjelp med datahandteringsplanar.

Frå 2021 er det nye retningslinjer for tilsetjing og opprykk i undervisningsstillingar. Av desse går det mellom anna fram at UiS-tilsette skal arbeide for å fremme open publisering (open access) og åpen forsking (open science), og hensikta er å følge opp intensjonane i DORA-erklæringa

 

Informasjon, rettleiing og opplæring

Biblioteket har nettsider med informasjon om publisering med open tilgang og forskingsdata ved UiS og generelt.

Biblioteket har også utarbeidd informasjon til tilsette gjennom intranett og nettsidene til UiS, og deltar på instituttmøte, seminar for stipendiatar og i andre aktuelle forum for å informere forskarane. 

 

Tekst: Open Science Toolbox/Unit 2021

Referanser


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter