Research Data @NTNU
Med campusar i tre byar og over 40 000 studentar er NTNU Noregs største universitet. NTNU har hatt eigen politikk for open publisering sidan 2014 og fekk i 2018 også ein politikk for opne forskingsdata. Ein samla politikk for open forsking vart ferdig i 2020. Arbeidet med open forsking ved NTNU Vitskap leiast og koordinerast av NTNU Universitetsbiblioteket.
Research Data @NTNU
Research Data @NTNU koordinerast av biblioteket og er ei støtteteneste for datahandtering for forskarar og studentar. Research Data @NTNU svarar på spørsmål frå forskarar og studentar og fungerer som kontaktpunkt mot fakultet, institutt og andre einingar. Tenesta har ein kjerne på fem tilsette frå bibliotek og IT-avdeling som møtast kvar veke, men hentar også inn andre ressursar ved behov.
Sjølv om det å legge til rettes for opne data er ein viktig del av arbeidsoppgåvene til Research Data @NTNU, er dei fleste spørsmåla knytt til generell datahandtering i form av datahandteringsplanar, persondata og lagringsløysingar. Mange av spørsmåla og problemstillingane er samansette, og det er derfor svært nyttig å ha med kompetanse frå både bibliotek og IT.
Nettside og kontaktpunkt
Nettsida til Research Data @NTNU gir relevant informasjon om alle trinna i forskingsdatasyklusen og peikar vidare til interne og eksterne kjelder. Forskarar og studentar kjem i kontakt med Research Data @NTNU gjennom e-post og førespurnadar til NTNUs portal NTNU Hjelp.
Kurs og opplæring
Research Data @NTNU held kurs, workshops og foredrag på førespurnad og driv òg oppsøkande verksemd i form av instituttbesøk. Éin gong i månaden blir det halde digitale DMP-workshops gjennom NTNUs Virtuelle Bibliotek. Teamet har også utvikla nettkurs for forskarar og stipendiatar, blant anna Research Data Management and Open Science.
Rutinar og retningslinjer
Research Data @NTNU har vore sentrale i utarbeidinga av rutinar og retningslinjer for forskingsdata ved NTNU og har blant anna utarbeidd eigne retningslinjer for datahandteringsplanar og guidar for lagring og innsamling av forskingsdata.
Tekst: Open Science Toolbox/Sikt