Monash University
Forskingsstøtte ved Monash University Library
Universitetsbiblioteket er fordelt på seks avdelingar i Melbourne, med rundt 200 tilsette totalt. Støtte til forskarar ved universitetsbiblioteket på Monash er organisert i «faculty teams» som har kontakt ut mot fagmiljøa på dei ulike fakulteta. Desse teama inkluderer fagansvarlege bibliotekarar i tillegg til bibliotekarar med undervisningskompetanse. Dei tilbyr støtte, kurs og opplæring, også integrert i utdanningslaup, innan både litteratursøk, referansehandtering, akademisk skriving, men også publisering og forskingsdatahandtering.
Sjølv om Monash University ikkje har ein formell politikk for open forsking eller forskingsdata, har dei i fleire år hatt ei sentral gruppe som jobbar med og tilbyr støtte knytt til ulike aspekt ved forskingsdata. Denne gruppa har meir inngåande ekspertise knytt til spørsmål om forskingsdata og jobbar tett opp mot «faculty teams» ved biblioteket, i tillegg til Monash eResearch Centre og eSolutions (IT-avdelinga), samt forskingsadministrasjon.
Særleg nyttig er Monash sin presentasjon av støtte gjennom heile forskingssyklusen, kor tenester, verktøy, råd og informasjon blir presentert i dei ulike fasane i forskingsprosessen: Monash Library Research Lifecycle. På denne nettsida er det nyttig og oversiktleg informasjon og tilvising til relevante ressursar og kontaktpunkt både på biblioteket og andre einingar og avdelingar ved Monash University, i tillegg til eksterne leverandørar og organisasjonar.
Eit spennande initiativ som biblioteket deltar i er Data Fluency for Researchers. Dette er eit tverrfagleg program som skal bygge kompetanse hos forskarar innan bruk, analyse og visualisering av data, og tilbyr workshopar, seminar og verktøy, samt eit nettverk for erfaringsdeling.
Ei meir inngåande og detaljert beskriving av Monash University Library samt organisering og finansiering av forsking i Australia og New Zealand er tilgjengeleg i denne oppsummeringa frå studietur i Open Science Toolbox-prosjektet.
Tekst: Open Science Toolbox/Unit 2021