Massey University


Massey University på New Zealand har totalt 35 000 studentar og omlag 1000 forskarar, i tillegg til 2000 fagleg og administrativt tilsette. Blant desse er 140 tilsette ved universitetsbiblioteket.

Støtte til forskingsdatahandtering ved Massey University


På Massey University har dei sidan 2016 hatt ei dedikert stilling på biblioteket som jobbar med forskingsdatahandtering (Research Data Management). Dette arbeidet, «Research Data Management Initiative», vart starta basert på at IT-avdelinga fekk førespurnader og spørsmål knytt til datahandtering og lagring. Ei arbeidsgruppe med representantar frå bibliotek, IT, forskingsadministrasjon og fakultet starta med å identifisere kva for utfordringar og behov forskarar hadde, knytt til handtering og behandling av forskingsdata. Dette førte til vidare utvikling av handlingsplan og eit «vegkart» for tenester og verktøy for forskingsdatahandtering, kor universitetsbiblioteket og IT-avdelinga var viktige partnarar.


Biblioteket jobbar mykje med å synleggjere tenestene sine, og har nettsider med grundig informasjon om alle steg i datahandteringsprosessen. Støtte og tenester som blir tilbydd er mellom anna informasjon om intellektuelle rettar, eigarskap og lisensar, mal for datahandteringsplanar, dataklassifisering, samt informasjon om lagring og arkivering. Massey har ikkje eige institusjonelt arkiv for forskingsdata, men biblioteket gir råd og rettleiing om andre arkiv kor data kan publiserast. Frå biblioteket sine sider blir det òg tilvist vidare til IT sine nettsider der det er relevant, t.d. når det gjeld lagring av data, eller ved behov for tilgang på superdatamaskiner.


Biblioteket tilbyr også kurs, opplæring og rettleiing innan datahandtering og andre relevante tema for forskarar. Dei har utvikla ein serie webinar kalla «Researcher Toolbox Online Webinars», og held jamnleg workshopar på alle campusar. Biblioteket tar òg kontakt med nye PhD-studentar, og tilbyr dei ein «helsesjekk» for dataa, og de snakkar også med rettleiarar om nytta av datahandtering og tenestene som blir tilbode på biblioteket.


Ei meir inngåande og detaljert beskriving av Massey samt organisering og finansiering av forsking i Australia og New Zealand er tilgjengeleg i denne oppsummeringa frå studietur i Open Science Toolbox-prosjektet.

 

Tekst: Open Science Toolbox/Unit 2021

Referanser


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter