Delft University of Technology (TU Delft)


TU Delft har i fleire år jobba aktivt med open forsking, og er eit av universiteta i Europa som har kome lengst med å implementere god praksis og støtte til forskarar.

TU Delft er Nederlands største og eldste tekniske universitet, med meir enn 25 000 studentar og 6000 tilsette. TU Delft har i fleire år jobba aktivt med open forsking, og er eit av universiteta i Europa som har kome lengst med å implementere god praksis og støtte til forskarar. TU Delft har òg vore ein viktig pådrivar for samarbeid og aktivitetar på tvers av institusjonar, og deler gjerne av erfaringane sine og og kompetansen sin.

Ved TU Delft har biblioteket ei leiande rolle i arbeidet med open forsking. Dette inkluderer infrastruktur, tenester og støtte til opne tidsskrift, publisering av opne lærebøker samt opne nettkurs og andre læringsressursar, i tillegg til omfattande støtte knytt til forskingsdata.

 

Støtte til forvaltning av forskingsdata ved TU Delft

Biblioteket ved TU Delft tilbyr omfattande støtte og tenester knytt til handtering og forvaltning av forskningsdata, på alle trinn i livssyklusen til forskningsdata frå planlegging og utarbeiding av DMP, til arkivering og publisering av datasett og kjeldekode. Biblioteket har ei sentral gruppe som har ansvar for og administrerer støttetenester for forskingsdatahandtering på tvers av heile universitetet. Forvaltning av forskingsdata er eit prioritert område ved TU Delft, og det inkluderer samarbeid og involvering av ei heil rekke avdelingar og seksjonar på tvers av universitetet, som illustrert i figuren under (sjå òg bloggen Open Working).

Det som særleg illustrerer satsinga på forvaltning av forskingsdata, er tilsettinga av «Data Stewards». Kvart fakultet har ein fulltids «Data Steward» med kompetanse og erfaring som forskar innan fakultetet sitt fagfelt. Desse er første kontaktpunkt for spørsmål knytt til forskingsdata, og er bindeledd inn mot den sentrale forskingsdatagruppa. I tillegg til råd, rettleiing og undervisning er dei gjerne aktivt involverte i ulike prosjekt og initiativ. Sjå blogginnlegget «A year in the life of a Data Steward» for meir inngåande beskriving av aktivitetar ein Data Steward kan bidra til.

 

Advocating Data Stewardship at TU Delft

 

Tekst: Open Science Toolbox/Unit 2021

Referanser


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter