Verkstad om formidling av open forsking


Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Austfold og Universitetsbiblioteket ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) inviterer til verkstad i formidling av open forsking. Det går av stabelen 28. april 2026 på Campus NMBU.

Foto: Tommy Normann, NMBU

Stadig meir forsking gjerast opent tilgjengeleg, men kor lett er det eigentleg å finne fram til forskinga utanfor akademia? Og korleis kan forskinga brukast på best mogleg måte? Dette er noko arrangørane inviterer til å utforske saman, på tvers av biblioteksektorar.

Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Austfold og Universitetsbiblioteket ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) inviterer til verkstad i formidling av open forsking.

Målet er å utveksle kunnskap på tvers, for å lære meir om ulike brukergrupper og kva for kjelder som passar når og for kven.

Målgruppa er bibliotektilsette i folkebibliotek, videregåande skole, universitets- og høgskolesektoren og fagbibliotek.

Dagen vil mellom anna bestå av:

  • Presentasjonar om nye databasar, som Nasjonalt vitenarkiv og Google Labs, der forsking og forskingsbasert informasjon er opent tilgjengeleg.
  • Refleksjon rundt kjeldekritikk frå bruk av open forskning, og korleis kunstig intelligens påverkar dette.
  • Praktiske caseoppgåver, der vi i samarbeid på tvers av bibliotektypar finn fram til ulike databasar som kan brukast, kva for forsking som er tilgjengeleg kor og kva for kjelder som passar til ulike brukarar.

Også inkludert: Hyggeleg lunsj, kanskje ein tur i den vakre parken til NMBU og høve til å bli kjent med flere bibliotekarar på tvers av ulike bibliotektypar.

Deltaking er gratis.

Tid: Tysdag 28. april, 10:00-14:30

Stad: NMBU: Campus | NMBU

Meld deg på her: Påmelding til Formidling av åpen forskning – verksted 28. april 2026, NMBU – Fyll ut skjema

Frist for påmelding er torsdag 23. april 2026.


Del: Share to LinkedIn Share by mail