Utreiing av framtidas publiseringsindikator

Det er bestemt at publiseringsindikatoren ikkje lenger skal brukast til finansiering av universitet og høgskolar, men det skal enno vere ein publiseringsindikator. Når han skal vidareutviklast, må behova til nasjonal statistikk, forvaltinga, institusjonane og forskingsmiljøa bli ivaretatt.
Publiseringsindikatoren heng tett saman med Register over vitskapelege publiseringskanaler, det såkalla Kanalregisteret. Dei siste åra har det vakse fram useriøse tidsskrift, og forskarane treng tilgang til eit register som viser kva som er anbefalt som gode vitskapelege kanalar. Dette er også eitt av poenga i ein ny Strategi for vitskapeleg publisering etter 2024.
På oppdrag frå Kunnskapsdepartementet greier Det nasjonale publiseringsutvalet ut korleis publiseringsindikatoren bør utviklast vidare. Arbeidsgruppa som leier arbeidet vil gjennomføre ei rekke involveringsmøte med aktørar i forskingssektoren, og dei inviterer institusjonane til å levere skriftlege innspel.