Unit sitt OA-barometer viser voksteren i open tilgang i Noreg


I oktober 2021 lanserte Unit sitt såkalla OA-barometer, som viser statistikk og vokster for open tilgang (open access) i Noreg.

På sidene til OA-barometeret finn du nasjonal, sektoriell og disiplinær vokster over tid, fordelt på dei forskjellige typane open tilgang som finst. Det ligg òg føre ei fyldig metodebeskriving som viser og forklarer dei forskjellige kjeldene som er brukt for å utvikle tenesta.  

OA-barometeret er førebels statisk, men vil på sikt gi eit meir oppdatert og dagsaktuelt bilde samt vise andre perspektiv frå fleire enn det som ligg føre no. 

Besøk OA-barometeret ved å følge denne lenka.


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter