Tre nye publiser og les-avtalar forhandla fram av Unit


Først publisert 24. mars 2020

Illustrasjon: Shutterstock

For eitt år sidan forhandla Unit fram den første «publiser og les»-avtalen, no er talet åtte. Unit har forhandla avtalar med Sage, CUP og ACS.

For nokså nøyaktig eitt år sidan vart den første avtalen om open publisering forhandla fram av Unit på vegner av norske forskingsinstitusjonar. No, i mars 2020, er heile åtte såkalla «publiser og les»-avtalar på plass. Dette gir ein betydeleg auke i moglege kanalar for open publisering.

Dei tre siste avtalane som er forhandla fram, er mellom anna med eitt av dei største forlaga innanvitskapeleg publisering; britiske Sage Publishing. Avtalar er òg på plass med Cambridge University Press og American Chemical Society.

- Unit er glade for å annonsere desse tre avtalane, som er viktige steg på vegen fram mot open tilgang til norske forskingsresultat. Forskarar kan no publisere opent i sentrale tidsskrift innan fagfeltet sitt, og institusjonane viser ved tilslutninga til desse avtalene ei forplikting til å nå regjeringa sitt mål om open tilgang innan 2024, seier Roar Olsen, direktør i Unit.

Forskarar ved institusjonar som deltar i avtalane gjennom Unit, har no høve til å publisere opent på denne måten:

  • Sage Publishing: Publisering i 1083 tidsskrift, hovudsakeleg innan humaniora og samfunnsvitskap
  • Cambridge University Press: Publisering i 360 tidsskrift innan dei fleste fagområde
  • American Chemical Society: Publisering i 63 tidsskrift, hovudsakeleg innan kjemi

Såleis kan stadig fleire fagmiljø nytte seg av høvet til å publisere opent gjennom ei rekke nye kanalar. Fleire nye tidsskrift på nivå 2, i tillegg til nivå 1, gir moglegheit til å publisere i samsvar med den norske publiseringsindikatoren og samstundes vere Plan S-kompatible.

Open publisering aukar

Open publisering av norsk forsking aukar: I 2011 var talet 9 prosent. Godt informasjonsarbeid og stadig større aksept for open publisering førte til at prosenten auka til 23 for 2018. Plan S, som vart lansert hausten 2018,bidrog til at 30 % av norsk forsking vart publisert opent i 2019, ifølge eit forsiktig anslag.

For 2020, ettersom Unit har forhandla fram dei nye avtalane som gir moglegheit for open publisering, ventast det ein signifikant auke i talet på opne artiklar frå norske forskarar.

Med dei åtte publiser og les-avtalane som er forhandla fram det siste året, har Unit dekt ein stor del av avtalane som blir tilbydd medlemsinstitusjonane. Det arbeidast no med å inngå nye avtalar med reine OA-forlag, i tråd med regjeringa sine nasjonale mål og retningsliner for open tilgang til vitskapelege artiklar.

Forhandlingane har vore gjennomførte i tett dialog med Unit sitt forhandlingsråd representert ved universiteta i Trondheim (NTNU), Oslo (UiO), Bergen (UiB) og Tromsø. (UiT) Resultata har markert eit gjennombrot som har sett standard for det vidare arbeidet med open tilgang til forsking. I krevjande tider som desse, ser ein viktigskapen av at forskingsresultat gjerast opent tilgjengeleg for heile verda. Unit er glade for å bidra gjennom gode avtalar med viktige tidsskriftforlag.


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter