Sverige med nasjonale retningslinjer for open forsking


På vegner av den svenske regjeringa har Kungliga biblioteket (KB) utvikla nasjonale retningslinjer for open forsking. Retningslinjene skal gi støtte og rettleiing til aktørar i Sverige som speler ei viktig rolle i overgangen til open forsking.

Bilde av Kungliga Biblioteket i Stockholm
Kungliga biblioteket, Stockholm. Foto: Shutterstock

Dei nye retningslinjene dannar eit bindeledd mellom internasjonale tilrådingar og arbeidet som går føre seg på nasjonalt nivå. Det er først og fremst universiteta og forskingsfinansiørane som må utvikle politikk, infrastruktur og rettleiing for å støtte forskarar til å utøve open forsking.

Retningslinjene skal bidra til betre koordinering mellom aktørane som har eit overordna ansvar for overgangen til open forsking. Dette inkluderer til dømes utveksling av kunnskap og erfaring, men òg samarbeid om oppfølging og oppdatering av retningslinjene.

Desse områda er spesielt vektlagte i retningslinjene: 

  • Open tilgang till vitskapelege publikasjonar
  • Open tilgang til forskingsdata
  • Opne forskingsmetodar
  • Opne læringsressursar
  • Ålmenta si delaktigheit i forskingsprosessen
  • Infrastrukturar som støttar åpen forsking

 

Pressemelding frå KB med lenke til retningslinjene: Natio­nel­la rikt­lin­jer för att främ­ja öppen veten­skap

Press release from The National Library of Sweden: Natio­nal guide­li­nes for promoting open science in Sweden


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter