Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift: Utlysing for 2027-2030
Som oppfølging av Meld. St. 14 (2024-2025), Sikker kunnskap i en usikker verden, har regjeringa vedtatt at ordninga for støtte til norskspråklege tidsskrift skal utvidast til å gjelde for fagområda humaniora, samfunnsvitskap, medisin og helse, og realfag og teknologi. I tillegg skal støtteperioden utvidast frå tre til fire år.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har publisert ei ny utlysing for støtteordninga. Her kan opne, norskspråklege tidsskrift innan dei nemnde fagområda søke om årleg støtte til produksjon og digital publisering.
Ordninga frå 2027 bygger på tilrådingar i ein rapport frå Det nasjonale publiseringsutvalet, 3. februar 2026: En mulig utvidelse av dagens støtteordning for norskspråklige tidsskrifter
Søknadsfrist er 7. mai 2026 kl. 12.00.
Sjå HK-dir sine nettsider for meir informasjon om utlysinga: Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift - utlysing for 2027–2030