Støtte til nettverks- og kompetansebyggande aktivitetar for folkeforsking


Forskingsrådet lyser ut støtte til aktivitetar innan folkeforsking. Aktivitetane skal bidra til å bygge kunnskap om planlegging og gjennomføring av folkeforskingsprosjekt i Noreg.

Spitsbergen, Svalbard. Foto: Shutterstock

Folkeforsking (citizen science) inneber å engasjere og involvere folk som ikkje har forskarbakgrunn i forsking, i samarbeid med forskarar eller forskingsinstitusjonar. Det er eit felt under stadig utvikling kor det òg er behov for kunnskapsdeling og nettverksfremmande aktivitetar som bidrar til vidare utvikling i breidda. 

Folkeforsknng dekker alle typer forskingsdisiplinar, Det kan vere innsamling av data eller hjelp til å gjennomgå store datamengder. Det kan òg handle om å bidra til å formulere forskingsspørsmål og prøve ut nye metodar. Folkeforskningsprosjekt kan være alt frå små og lokale til store og globale initiativ.  

Forskingsrådet lyser ut midlar der godkjende forskingsorganisasjonar, offentleg sektor og frivillig sektor kan søke.

Søknadsfrist er 13. september 2023.

Informasjon om folkeforsking og utlysing finn du på Forskningsrådet sine nettsider: Støtte til nettverks- og kompetansebyggande aktivitetar for folkeforsking.


Del: Share to LinkedIn Share to Facebook Share by mail Share to Twitter